Forklaringar til vokabular i leksjon 1 - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forklaringar til vokabular i leksjon 1

Under følgjer forklaringar til vokabular for dialogen "Hei!".

1. nín

nín betyr «De/Dykk» (eintal) og er ei høfleg form av ordet nǐ. Vi har skiljet De/du også på norsk, sjølv om det gjerne er litt gammaldags å bruke «De» no for tida. Derimot blir nín framleis brukt veldig ofte på kinesisk, spesielt når ein tiltalar personar betydeleg eldre enn ein sjølv eller personar som har ein høg status eller ei rolle som krev respekt i ein gitt kontekst. Det er for eksempel vanleg å tiltale ein lærar med nín og ikkje nǐ.

2. guì

guì betyr «dyr; dyrebar». Det blir brukt saman med xìng i høflegheitsfrasa 您贵姓?Nín guì xìng? Ein spør altså etter vedkommande sitt «dyrebare/ærverdige» etternamn ved eit første møte. Dette reflekterer kinesarane si tradisjonelle høflegheit i samaneheng med introduksjonar. Spør ein om ein tredjeperson, kan ein seie: 他姓什么?Tā xìng shénme? – «Kva heiter han til etternamn?» I samanheng med introduksjonar når ein snakkar direkte til nokon, bruker ein derimot som regel den høflege varianten.

3. 认识你很高兴 rènshi nǐ hěn gāoxìng

Dette uttrykket kjenner ein igjen frå den nokså universelle engelske høflegheitsfrasa «Nice to meet you». Dette uttrykket har også kome inn i kinesisk via kontakt med engelskspråkleg populærkultur. Eldre kinesarar vil nok sjeldnare bruke det, men blant yngre kinesarar er det ein heilt kurant måte å uttrykke entusiasme på ved eit første møte.

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017