Forklaringar til grammatikk i leksjon 9 - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forklaringar til grammatikk i leksjon 9

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen På kjøpesenteret.

1. 一些 yìxiē


Nomen på kinesisk skil ikkje mellom eintal og fleirtal som på norsk, der vi skil mellom for eksempel «bil» og «bilar». Konteksten avgjer om substantivet refererer til éin eller fleire av det det er snakk om. Likevel finst det nokre tilfelle med eksplisitt fleirtalsmarkering av nomen på kinesisk, men desse er avgrensa til spesifikke situasjonar og blir forklarte der dei dukkar opp.

I uttrykket 一些 yìxiē fungerer 些 xiē syntaktisk som eit målord, men erstattar det målordet som elles ville ha stått mellom talet og substantivet. Samanlikn:

一个人
yí ge rén

一些人
yìxiē rén

这个人
zhè ge rén

那个人
nà ge rén

eit
menneske

nokre menneske

dette mennesket

det mennesket

一本书
yì běn shū

一些书
yìxiē shū

这些书
zhè xiē shū

;那些书
nà xiē shū

ei
bok

nokre
bøker

desse
bøkene

dei
bøkene

2. Nominalfrasar

Både 新衣服 xīn yīfu og 各种各样的商店 gèzhǒng-gèyàng de shāngdiàn er nominalfrasar. Samanlikn:

1. 新 
衣服

xīn yīfu

2. 各种各样

gèzhǒng-gèyàng

的 
商店

de shāngdiàn

nye klede

all slags

butikkar

attr. kjerne

attr.

_ kjerne

Har kjerna i ein nominalfrase eit einstavingsadjektiv framfor seg, modifiserer dette kjerna utan at 的 de er nødvendig å ha med. Har attributtet derimot meir enn éi staving, er 的 de som regel nødvendig, som når 各种各样 gèzhǒng-gèyàng (fireteiknsfrase) står som attributt og modifiserer kjerna 商店 shāngdiàn.

Merk at nomen er friare når dei fungerer som attributt. Dei treng ikkje 的 de, sjølv om attributtet (som òg er eit nomen) har éi eller fleire stavingar:

书包 shūbāo

«bokveske» (skulesekk)

语法书 yǔfǎshū

«grammatikkbok»

Her blir det illustrert godt korleis det å ha kjennskap til ordklassen til orda kan hjelpe deg med å konstruere rette setningar på kinesisk, ettersom ordklassen til ordet avgjer kva grammatiske eigenskapar ordet har.

3. 一下 yíxià


一下 yíxià fungerer som eit verbsuffiks (noko som blir lagt til på slutten av eit ord) for å uttrykkje at verbet blir utført i liten grad eller over kort tid. Samanlikn:

kàn

shū

«lese bok»

kàn

一下

yíxià

shū

«lese litt bok»

Merk at 一下 yíxià modifiserer verbet, mens 一点 yìdiǎn modifiserer eit påfølgjande nomen (一点 yìdiǎn blir teke opp i seinare leksjonar). Samanlikn:

看一下 书

kàn yíxià shū

«lese (ei kort stund) bok»

看 一点书

kàn yìdiǎn shū

«lese (ei lita mengd) bok»

看一点书 kàn yìdiǎn shū seier at mengda som blei lesen, var liten, uavhengig av kor lang tid det tok. 看一下书 kàn yíxià shū uttrykkjer at det blei lese ei lita stund, men seier ikkje noko om mengda som blei lesen.

4. 要 yào


要 yào har fleire tydingar og er delvis nemnd tidlegare. For ordens skyld nemner vi dei viktigaste tydingane og bruksmåtane her:

1. 要去 (学校)

yào qù (xuéxiào)

要 + verb

= hjelpeverb

«skal/vil (veldig gjerne)»

2. 要(一杯)水

yào (yì bēi) shuǐ

要 + nomen

= verb

«vil ha (noko)»

要 yào kan òg i overført tyding (frå punkt 2 over) tyde «å koste». Eksempel:

这本书要多少钱?  «Kva kostar denne boka?»

Zhè běn shū yào duōshao qián?

这本要五十块钱。 «Ho kostar 50 kroner.»

Zhè běn yào wǔshí kuài qián.

Sjå òg punkt 7 i leksjon 7.

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017