Forklaringar til grammatikk i leksjon 3 - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forklaringar til grammatikk i leksjon 3

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen "Familie".

1.zhè

zhè er eit påpeikande pronomen. Eit pronomen er eit ord som erstattar og står for eit anna nomen i ei setning. Samtidig peiker det på noko som anten er eksplisitt eller implisitt i konteksten. Når vi til dømes seier 这是我爸爸。 Zhè shì wǒ bàba. – «Dette er faren min.», meiner vi eigentleg «Dette (altså denne personen, som er tydeleg frå konteksten) er faren min». Når zhè står rett framfor eit nomen, må det kome eit målord mellom zhè og nomenet, i likskap med når det står eit tal eller ein kvantor (ord som gir eit omtrentleg tal på noko) til eit nomen (一个人 yí ge rén – «eitt stykk person»,几个人 jǐ ge rén – «nokre stykk personar» og så vidare).

zhè viser til noko som er nært talaren og nà 那 til noko som er fjernt frå talaren. Syntaktisk blir dei brukte på same måte, jamfør forklaringa ovanfor.

zhè og blir ofte uttalt som zhèi og nèi når dei står direkte framfor eit målord og eit nomen, men alltid som zhè og når dei står åleine.

2.yǒu

yǒu betyr «å ha» og er det einaste verbet på kinesisk som nektast med méi. Forma *不有 bù yǒu finst ikkje. Ofte kan 没 méi òg stå åleine utan yǒu etter seg, men det har framleis den same betydninga, som i til dømes 没(有)兄弟姐妹 méi (yǒu) xiōngdì jiěmèi – «har ikkje søsken».

yǒu kan òg bety «det finst ...». Samanlikn:

我有两个哥哥。 Wǒ yǒu liǎng ge gēge. – «Eg har to storebrør.»
我没有哥哥。 Wǒ méi yǒu gēge. – «Eg har ikkje storebrør.»


这儿有两个人。 Zhèr yǒu liǎng ge rén. – «Her er det to personar.»
这儿没有人。 Zhèr méi yǒu rén. – «Her er det ingen.»

3.

betyr «og» og blir brukt mellom to nomen (substantiv). Dersom vi ramsar opp fleire enn to nomen, kjem vanlegvis berre mellom dei to siste i rekkja, til dømes 李美玉、马红 Lǐ Měiyù, Mǎ Hóng . Dei føregåande elementa blir lista opp, som vi ser, ved hjelp av eitt eller eventuelt fleire komma.

(Merk at på kinesisk har vi eit eige oppsummeringskomma som er forskjellig frå det vanlege kommaet « , ». Oppsummeringskommaet er « 、» og blir brukt nettopp i den typen setning som er nemnt ovanfor.)

Samanlikn òg med i betydninga “og” (punkt 4, leksjon 2):
På norsk kan ordet «og» binde saman både ord og setningar, men ordet 也 på kinesisk kan berre binde saman setningar og ikkje enkeltord (nomen). kan ikkje binde saman setningar, berre ord eller uttrykk og vanlegvis berre nomen. Samanlikn:

他有汽车,也有房子。 Tā yǒu qìchē, yě yǒu fángzi. – «Han har bil og (han) har hus.»

Ikke: *他有汽车和有房子。 *Tā yǒu qìchē hé yǒu fángzi.


他有汽车和房子。 Tā yǒu qìchē hé fángzi. – «Han har bil og hus.»

Ikke: *他有汽车也房子。 *Tā yǒu qìchē yě fángzi.

Merk at omsetjingane berre gir att nyansane her omtrentleg. På norsk har vi adverbet “òg” (= også) og konjunksjonen “og”.

4. 还(有) hái (yǒu)

hái betyr «også; i tillegg». Forskjellen mellom hái og er at hái vektlegg at noko kjem i tillegg (ekstra eller endå meir) til det førstnemnte (som kan vere både éin eller fleire ting), mens yě berre uttrykkjer eit nøytralt «òg; også». Samanlikn:

他有两个弟弟、两个妹妹,还有两个姐姐!
Tā yǒu liǎng ge dìdi, liǎng ge mèimei, hái yǒu liǎng ge jiějie!
Han har to veslebrør, to veslesøstrer, og har i tillegg to storesøstrer!

他有一个弟弟,也有一个姐姐。
Tā yǒu yí ge dìdi, yě yǒu yí ge jiějie.
Han har ein veslebror og også ei storesøster.

Mens kan binde saman leddsetningar med eitt subjekt i kvar leddsetning, blir hái berre brukt når subjektet er uendra:

1.
喜欢中国菜,也喜欢中国菜。
xǐhuan Zhongguó cài, yě xǐhuan Zhōngguó cài.
Eg liker kinesisk mat. Han liker også kinesisk mat.

2.
我喜欢中国菜,(我) 还喜欢挪威菜。
Wǒ xǐhuan Zhōngguó cài, (wǒ) hái xǐhuan Nuówēi cài.
Eg liker kinesisk mat, og (eg) liker også norsk mat.

Merk at i setning nummer 2 over kan erstatte hái utan betydningsendring. I setning nummer 1 fungerer berre .

Samanlikn òg med punkt 4 i leksjon 2 for korleis òg/også/og blir uttrykt på kinesisk.

5.zhǐ

zhǐ er eit adverb (og kjem derfor framfor verbet) som betyr «berre». Merk at ein derfor seier «berre har ...» på kinesisk og ikkje «har berre ...», som vanlegvis er tilfellet på norsk. Her er eit eksempel:

我只喜欢中国菜,不喜欢美国菜。 Wǒ zhǐ xǐhuan Zhōngguó cài, bù xǐhuan Měiguó cài. – ”Eg liker berre kinesisk mat, ikkje amerikansk mat.”

6. Målord

Målord er eitt av fleire særdrag ved kinesisk grammatikk. Dersom vi skal telje (ein person, to personar og så vidare) eller spesifisere (denne personen, den personen) eit nomen, må vi bruke eit målord framfor nomenet. Det finst eit «universelt» målord, 个 ge, som kan brukast til så å seie alle nomen, men dei fleste nomen har eit spesifikt målord knytt til seg som ein bør bruke med det riktige nomenet. Desse må puggast for kvart enkelt nomen, men det er berre ei avgrensa mengde målord som er i dagleg bruk. I nokre samanhengar kan det same nomenet brukast med to eller fleire forskjellige målord og då ofte med ulik betydning i kvart tilfelle, til dømes 这个人 zhè ge rén – «denne personen» – og 这种人 zhè zhǒng rén – «denne typen person». Dette fenomenet skal vi utdjupe i seinare leksjonar. Regelen på kinesisk er at eit målord stå mellom ein kvantor/numeral eller eit påpeikande pronomen og eit nomen på kinesisk. Det heiter derfor 一个人 yí ge rén og ikkje *一人 yì rén eller *这人 zhè rén.

7.

er eit spørjeord eller ein kvantor. Som spørjeord betyr det «kor mange?», men ein går då ut frå at talet ein spør om, vil vere under ti eller rundt ti. Som kvantor betyr det «nokon; ein handfull» og viser òg til eit upresist tal under eller rundt ti. stå saman med eit målord.

8.duō

duō er eit tilstandsverb som betyr «mange; mykje», og som med tilstandsverb flest står som regel hěn framfor det. Vi seier derfor 很多人 hěn duō rén – «mange menneske» – ikkje *多人 duō rén. Dersom duō kjem framfor eit anna tilstandsverb, endrar det ofte funksjon til å bli eit spørjeord. 多大Duō dà? betyr dermed «kor (mykje) stor?», altså «kor stor/gammal?». Dette kan brukast til å spørje om alderen til både unge og gamle, men merk at 几岁jǐ suì? – «kor mange år?» – berre blir brukt til å spørje om alderen til små barn (sjå ovanfor). Her er nokre andre eksempel:

多高 duō gāo – «kor høg?»
多远 duō yuǎn – «kor langt?» (avstand)
多长 duō cháng – «kor lang?» (lengde)

Les òg punkt 9 under for korleis ein spør og svarer på spørsmål om alder.

9. Nominale predikat

Sjå på setningane i dialogen under:

田中太郎,你哥哥多大?
Tiánzhōng Tàiláng, nǐ gēge duō dà?
– Tanaka Taro, kor gammal er storebroren din?

我哥哥二十岁。
Wǒ gēge èrshí suì.
– Storebroren min (er) tjue år.

På kinesisk finst det nokre tilfelle med setningar som får nominale predikat, det vil seie at verbet shì – «å vere» – (eller eit anna verb) ikkje finst i setninga. I utsegner som dreier seg om mellom anna alder, er det slik. Svaret på spørsmålet om alder, 二十岁 èrshí suì, er eit nominalt uttrykk som ikkje har verb. (Sjå òg punkt 4 om tilstandsverbpredikat under "Forklaringar til vokabular").

10.dōu

dōu betyr «alle; begge» og er eit adverb. Det må kome framfor hovudverbet i setninga. «Vi er alle ...» blir derfor «Vi alle er ...» på kinesisk. Hugs at betyr «òg; også», mens dōu betyr «alle; begge»:

我们也是… Wǒmen yě shì ... – «Vi er også ...»

我们都是… Wǒmen dōu shì ... – «Vi er alle/begge ...»

Dersom ein skal bruke og dōu saman, er det viktig å gjere følgjande distinksjon:

不都 bù dōu – «ikkje alle ...»

我们不都是挪威人。 Wǒmen bù dōu shì nuówēirén. – «Vi er ikkje alle nordmenn.»

versus

都不 dōu bù – «alle ikkje ...»

我们都不是挪威人。 Wǒmen dōu bú shì nuówēirén. – «Ingen av oss er nordmenn.»

Denne forskjellen demonstrerer eit viktig trekk ved kinesisk grammatikk, nemleg at syntaksen (rekkefølgja på orda i ei setning) styrer betydninga setninga får.

og dōu:

Dersom du bruker både og dōu i den same setninga, skal 也 kome framfor dōu:

我们也都是学生。 Wǒmen yě dōu shì xuésheng. – «Vi er alle også studenter.»
Ikkje: *我们都也是学生。 *Wǒmen dōu yě shì xuésheng.

Ein føresetnad for å bruke dōu er at subjektet eller temaet (topic) for setninga (som alltid kjem føre) er i fleirtal. Dette kan vere eksplisitt eller implisitt. Samanlikn:

挪威菜和中国菜我都喜欢。
Nuówēi cài hé Zhōngguó cài wǒ dōu xǐhuan. – Temaet er i fleirtal, eksplisitt.

(挪威菜和中国菜)我都喜欢。
(Nuówēi cài hé Zhōngguó cài) wǒ dōu xǐhuan. – Temaet er i fleirtal, implisitt (kjent frå kontekst).

*我都喜欢
*Wǒ dōu xǐhuan. – Feil (utan kontekst) fordi subjektet er i eintal.

我们都喜欢中国菜。
Wǒmen dōu xǐhuan Zhōngguó cài. – Subjektet er i fleirtal, eksplisitt.

Setninga 我都喜欢 Wǒ dōu xǐhuan kan berre ytrast i ein kontekst der det er tydeleg kva dōu refererer til. Samanlikn:

你喜欢美国电影还是中国电影?
Nǐ xǐhuan Měiguó diànyǐng háishi Zhōngguó diànyǐng?

我都喜欢。
Wǒ dōu xǐhuan.

dōu refererer her ikkje til i 我都喜欢 Wǒ dōu xǐhuan, men 美国电影 Měiguó diànyǐng og 中国电影 Zhōngguó diànyǐng (amerikanske filmar og kinesiske filmar) i det førre spørsmålet.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Familie – skriveoppgåve 3

Skriveoppgåve: Bruk adverbet 都 dōu til å skrive setningar der du beskriv kva personane har til felles.

Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2020