Førebuing til leksjon 1 - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Førebuing til leksjon 1

Her skal du førebu deg til å ta fatt på kinesisk 1 leksjon 1.

第一课:你好! (Dì yī kè: Nǐ hǎo!)


准备 (Zhǔnbèi)

På førehand bør du kjenne til:

  • lydsystemet i moderne standard kinesisk
  • grunnleggjande grammatisk struktur i kinesisk
  • oppbygginga av kinesiske skriftteikn

Du skal lære:

Kommunikasjon

  • å helse på nokon for første gong
  • å spørje nokon om kva dei heiter til etternamn
  • å fortelje kva du heiter til etternamn
  • å spørje nokon om kva dei heiter til fornamn og fullt namn
  • å fortelje kva du heiter til fornamn og fullt namn
  • å uttrykkje glede over å bli kjent med nokon
  • å meistre tonar på kinesisk på eit grunnleggjande nivå
  • å meistre uttalen av ein del stavingar på kinesisk

Språk, samfunn og kultur

  • om tiltaleformer i Kina
  • dei vanlegaste kinesiske etternamna

Før du startar, tenk igjennom følgjande:

  • Korleis helser vi på nokon i Noreg når vi møter dei for første gong?
  • Korleis tiltalar vi kvarandre i Noreg i formelle og uformelle situasjonar?
Skrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2019