Oppgåve
Det kinesiske skriftspråket – studiespørsmål

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lest artiklane Det kinesiske skriftspråket, Stilartar av kinesiske skriftteikn og Nøkkelen til vidareutviklinga av kinesiske skriftteikn. Finn svar på spørsmåla, og diskuter i klassen.
- Søk på nettet etter «oracle bone inscriptions». Klarer du å kjenne att nokon av dagens skriftteikn?
- Kalligrafi, eller kunstskrift, blei utvikla som ei eiga kunstform på linje med måleri. Søk på nettet etter stader der dei stilformene vi har beskrive i artikkelen om stilartar, blir brukte.
- Skrivemåten til dei mest brukte skriftteikna blei forenkla på 50- og 60-talet, men på Taiwan og i Hongkong bruker dei framleis dei tradisjonelle formene. Finn nettsider frå Taiwan og Hongkong, og sjå forskjellane.
Relatert innhald
Stilartar av kinesiske skriftteikn
I denne artikkelen skisserer vi dei viktigaste stilartane av kinesiske skriftteikn opp gjennom tidene.
Nøkkelen til vidareutviklinga av kinesiske skriftteikn
På kinesisk dannar ein nye skriftteikn ved å kombinere eit tydingselement og eit lydelement.