Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Hyller som verkemiddel

Når vi bruker ulike verkemiddel for å fremje salet av spesielle varer, kallar vi det seljande varepresentasjon. Her skal vi sjå på hyller (reolar).

Hyller og salspunkt

Leverandørane må betale dyrt for god vareplassering. Dei to hovudtypane av verkemiddel som finst, er hyller (reolar) og salspunkt (aktivitetsplassar). Her tek vi for oss hyller (reolar). Eit salspunkt er stader i butikklokalet der varene får særleg merksemd (ikkje i reolar på tradisjonelt vis).

Reglar for plassering i hyller

Først inn – først ut

Dei gamle varene skal seljast først, slik at dei ikkje går ut på dato. Det vil seie at når du fyller på i hyllene, skal du plasserer dei nye varene lengst bak i hyllene.

Heile og friske

Alt skal sjå bra ut. Fjern det som er gammalt, øydelagt eller opna.

Fyll opp

Ha alltid fleire varer i breidda. Fleire varer i breidda aukar salshøva. Er det utselt for ei vare, fyller du opp med andre varer.

Fyll opp framkanten av hyllene. Varene skal alltid plasserast i framkant av hyllene slik at det ikkje ser ut som vi er fri for varer.

Strategisk plassering

Varer som ein ønsker skal få mest merksemd, bør plasserast i synshøgde (sjå-og-ta-høgde). Dei varene du ønsker at kunden skal få auge på, bør du derfor plassere i sjå-og-ta-høgde. Dette er ein fin plass for impulsvarer!

Prismerking

Prismerking er eit verkemiddel som har stor effekt, og det blir derfor brukt aktivt også i varepresentasjonen. Hyllepratarar og stopparar er to ulike typar prismerking. Ein hyllepratar er eit lite skilt som blir sett i hylla. På hylleprataren står det pris og annan informasjon som innhald og liknande.

Stopparen blir også festa i hylla, men han går vinkelrett ut frå hylla. Teksten er på begge sider av skiltet, og vi ser han framfor oss når vi passerer reolen. Stopparar blir gjerne brukte med tekstar som "tilbod", "nyhende" eller liknande.

Skrive av Mette Holan. Rettshavar: NKI Forlaget.
Sist oppdatert 30.09.2025