Oppfølging - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppfølging

Oppfølging etter sal har blitt meir og meir vanleg. Sjølv daglegvarebransjen følgjer deg opp i appar med tilbod på varer du plar kjøpe. Slik oppfølging høyrer med i salsprosessen. Føremålet er fornøgde kundar og ein forsterka relasjon mellom kunde og seljar, noko som er viktig for framtidige sal.

Å støtte kjøpet til kunden

Er salsprosessen over når produktet er selt og har bytt eigar? Nei, det er han ikkje. Om vi vil behalde kundane lenge, bør vi òg følgje dei opp etter at salet er gjennomført.

Tenk over

Du har kanskje opplevd at ein seljar etter eit sal kommenterer at genseren du kjøpte, var veldig fin, og at fargen kledde deg. Kvifor gjer seljaren det når du allereie har betalt for vara?

Kundar søkjer stadfesting på at dei har gjort eit godt kjøp, og her kan du som seljar bidra. Du bør støtte kundane i kjøpsavgjerda deira, men hugs at det må verke truverdig for at det skal ha nokon effekt!

Evaluering i etterkant

Har du nokon gong fått ein e-post eller SMS i etterkant av eit kjøp med førespurnad om å svare på nokre spørsmål? Slike spørsmål dreier seg gjerne om kor fornøgd du er med produktet du har kjøpt, eller med servicen, kvaliteten eller andre ting knytte til kjøpet.

Turoperatørar og flyselskap er blant dei som ofte bruker små marknadsundersøkingar for å forstå korleis kundane opplever tenestene deira. Bedriftene bruker evalueringane til kundane når dei skal vidareutvikle verksemda si.

Service og produktoppfølging

Mange produkt treng service eller anna oppfølging i etterkant av kjøpet. Kundar som har kjøpt snøbrett, kan til dømes få tilbod om å kome innom etter ei viss tid for å få justert skruane på bindingane, og ein sykkelforhandlar kan tilby service på syklane dei sel.

I videoen under fortel salskonsulent Erik Evensen Semb om kor viktig oppfølgingsfasen er. Han meiner at jobben begynner etter at salet er gjort.

Salskonsulent Erik Evensen Semb fortel om kor viktig oppfølgingsfasen er. Video: Råsalt as / CC BY-NC-ND 4.0

Meirsal

Moglegheita for meirsal er òg ein del av oppfølginga. Meirsal er tilleggssal av anten hovudproduktet eller andre produkt.

Meirsal er ofte "lett" salsarbeid fordi seljaren allereie har vunne tilliten til kunden. Då skal det ikkje så mykje til for at kunden vel å bruke same butikk eller bedrift når han eller ho skal kjøpe fleire produkt.

Meirsal kan vere så enkelt som at salsmedarbeidaren på ein bensinstasjon spør kundane om dei òg vil ha ein pakke bollar. I klesbutikkar kan ein plassere typiske meirsalsprodukt, som sokkar, ved kassa. Eit enkelt spørsmål eller smart plassering av produkt kan auke salet enormt.

Skrive av Live Marie Toft Sundbye, Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021