Oppgave
Merkevarebygging av Noreg som turistmål
Korleis kan Noreg styrkje seg som merkevare og bli meir attraktivt som turistmål?
Fase 1: Del klassen i tre grupper à 3–5 elevar
Kvar gruppe skal diskutere og beskrive korleis Noreg kan drive merkevarebygging av Noreg som turistmål, ved å:
- identifisere og skape behov hos målgruppa
- utvikle eit tydeleg konsept med ein visuell identitet
- utarbeide ein marknadsføringsstrategi
Ein på gruppa tek notat og deler dei med dei andre.
Fase 2: Presenter for klassen
Kvar gruppe presenterer forslaga sine.
Diskuter i klassen etter kvar presentasjon.
Fase 3: Diskuter i klassen
Ha ein klassediskusjon om korleis Noreg best kan styrkje merkevara si.
Ein i klassen tek notat over forslaga og deler dei med dei andre.
Relatert innhald
Fagstoff
Merkevara NoregHar du nokon gong tenkt på at Noreg er ei merkevare og har ein nasjonal merkevarestrategi? Kva tenkjer du kjenneteiknar merkevara Noreg?
Fagstoff
MerkevarebyggingMerkevarebygging handlar om å skape kjennskap til merkevara. Merkevarer tilfredsstiller emosjonelle behov i tillegg til funksjonelle behov.