Målgrupper for merkevarene Ball og Cutters - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Målgrupper for merkevarene Ball og Cutters

I filmane får vi eit innblikk i målgruppevalet til merkevarene Ball og Cutters. Vi ser òg på korleis dei jobbar for å nå ut til målgruppene sine.

Etter å ha hatt stordomstida si på 1980-talet er klesmerket Ball tilbake. I videoen nedanfor fortel Reidar Hartmann kva målgrupper dei ønskjer å nå ut til.

Video: Cylinder Production AS / CC BY 4.0

I videoen nedanfor kan du sjå eit intervju med gründeren av frisørkjeda Cutters, Lasse Smedsvig. Lasse fortel om Cutters' målgrupper og om korleis dei nyttar ulike former for marknadskommunikasjon for å nå ut til målgruppene.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Tenk over

Kva segmenteringskriterium nyttar Cutters?

Kva segmenteringsstrategi nyttar Cutters?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021