Et lokalt arrangement - Lønsemd - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Et lokalt arrangement

Lønsemd

CC BY-SA 4.0

Eit lønsamt arrangement går med overskot. Vi lagar eit budsjett for kvart arrangement. Dette gjer vi for å sikre lønsemda, ved å sørgje for at vi ikkje bruker meir pengar enn planlagt.

Resultatbudsjett

Har du sett TV-serien Luksusfellen? I serien lagar programleiarane budsjett over inntektene og kostnadene til deltakarane. På tilsvarande måte set bedrifter opp eit resultatbudsjett, som gir oversikt over dei framtidige inntektene og kostnadene deira.

Salsinntekter

På bakgrunn av salet tidlegare år, pluss ein eventuell forventa auke i salet, kan vi berekne forventa salsinntekter. Salsinntektene er prisen på det vi sel (salsprisen), multiplisert med mengda vi sel (salsmengda).

Ei bedrift kan ha mange ulike produkt, både varer og tenester. Når vi set opp resultatbudsjettet, kan vi derfor få mange linjer under "salsinntekter". Det er vanleg å summere inntektene i "sum salsinntekter".

Variable kostnader

På bakgrunn av forventa salsmengd kan vi bestemme kva varekostnadene vil bli. Varekostnadene er innkjøpsprisen på dei varene bedrifta skal vidareselje, og utgjer den største av dei variable kostnadene.

La oss seie at vi har ein leiketøysbutikk der vi forventar å selje så og så mange bamsar. Først må vi importere bamsane. Prisen vi betaler for dei, blir då ein varekostnad i resultatbudsjettet vårt. I tillegg må vi hugse å legge til andre variable kostnader, som toll og frakt, viss det er aktuelt.

Bruttoforteneste

Når vi har lagt inn salsinntekter og variable kostnader i budsjettet, kan vi rekne ut . Somme bruker her omgrepet , men som regel bruker vi ordet bruttoforteneste i samband med budsjett og rekneskap.

Bruttofortenesta er salsinntektene minus summen av dei variable kostnadene. Ho fortel oss kor mykje pengar vi har til å betale faste kostnader, og kor mykje vi sit att med i overskot. Det kan vere interessant å samanlikne bruttofortenesta frå år til år.

Faste kostnader

Dei faste kostnadene er kostnader som vi må betale uavhengig av omsetninga eller produksjonen. Vi må til dømes betale husleige for lokala til leiketøysbutikken vår anten vi har ope eller ikkje. Forsikringar, kommunale avgifter og lønn til fast tilsette må òg betalast.

I tillegg kjem finansielle kostnader – først og fremst renter og gebyr på lån. Mange bedrifter har både langsiktige og . Til slutt må vi ta med kostnader, til dømes avskrivingar.

Bedrifta veit kva slags faste kostnader som kjem, og må legge alle desse inn i budsjettet. Vi summerer alle dei faste kostnadene i linja "sum faste kostnader".

Resultat

Vi reknar ut resultatet ved å trekke summen av dei faste kostnadene frå bruttofortenesta. Resultatet i eit resultatbudsjett er eit uttrykk for lønnsemda i bedrifta, og skal vere positivt. Bedrifter skal ifølge god rekneskapsskikk drive med positivt resultat. Oppsettet blir då som i tabellen under:

Resultatbudsjett

Kalkulasjon

Sum

salsinntekter

1 900 000

= sum salsinntekter

1 900 000

varekostnad

800 000

andre variable kostnader

150 000

– sum variable kostnader

950 000

= bruttoforteneste

950 000

faste kostnader

800 000

– sum faste kostnader

800 000

= resultat

150 000

On The Alert

La oss ta ein kikk på korleis arbeidet med eit resultatbudsjett kan gå føre seg i praksis i ei tenkt bedrift. Bla deg gjennom stega i presentasjonen under.

Resultatbudsjettet for On The Alert

Resultatbudsjettet for neste år

Postar

Første kvartal

Andre kvartal

Tredje kvartal

Fjerde kvartal

Året

Salsomsetning

3 0004 8002 4006 00016200

– varekostnad

1 9503 1201 5603 90010530

+ montasje

5501 0008001 4503800

= brutto-forteneste

1 6002 6801 6403 5509470

– lønnskostnader

1 7501 7501 7501 7507000

– administrasjon

425450525525 1925

= driftsresultat

- 575480- 6351 275545

– finanskostnader

35353540145

= ordinært resultat

- 610445- 6701 235400

– skatt

28282828112

Årsresultat

- 640417- 6981 207288

Kjelder

Skattelova. (2023). Lov om skatt av formue og inntekt (LOV-2024-06-25-61). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-03-26-14/KAPITTEL_7-2#%C2%A76-10

Altinn. Avskrivning. https://info.altinn.no/starte-og-drive/regnskap-og-revisjon/regnskap/avskrivning/

Skatteetaten. Avskrivningssatser. https://www.skatteetaten.no/satser/avskrivningssatser/

.

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2022