Er det behov for ideen? - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Er det behov for ideen?

Ta utgangspunkt i ein ny forretningsidé, og gjennomfør ei marknadsundersøking. Marknadsundersøkinga skal ha som mål å finne ut om det finst ein marknad for forretningsideen, om ideen løyser eit verkeleg problem, og om nokon er villige til å betale for å få det løyst.
Har du tenkt å starta bedrift? Det første du bør tenkja på er å finna ut om det er ein marknad for ideen din. Video: Innovasjon Norge / CC BY-NC-SA 4.0

Skildring av oppdrag

Oppgåve 1: utvikl ein forretningsidé

Jobb i grupper med å utvikle forretningsidear, og vel ut ein idé som de ved hjelp av ei marknadsundersøking vil finne ut av om det er behov for.

Det finst ulike øvingar som kan vere til hjelp for å kome på idear og få i gang prosessar for idéutvikling. Her er nokre døme på slike øvingar:

Relatert innhald

Fagstoff
Brainstorming

Brainstorming er ei enkel øving for å kome på flest mogleg idear, bli trygge på kvarandre og få i gang prosessar for idéutvikling.

Oppgåve 2: gjennomfør ei marknadsundersøking

Utarbeid og gjennomfør ei marknadsundersøking. Følg fasane i ein tradisjonell undersøkingsprosess, og ta medvitne val i arbeidet med å utforme spørsmål til undersøkinga, samle inn data, analysere data og rapportere funn. Lykke til!

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021