Samling under Christian Michelsen

Konsulatsaka
Under unionsfellesskapen med Sverige hadde ikkje Noreg eigen representasjon i utlandet. Konsulane var felles for begge landa i unionen, og vi hadde ingen eigne konsular eller konsulat.
Skipsfarten var viktigare for Noreg enn for Sverige, og den norske flåten var òg større enn den svenske. Nordmennene meinte derfor at mange utanlandske hamnebyar med stor norsk skipstrafikk burde hatt konsulat. Saka om eigne konsulat var dessutan sterkt symbolladd, for nordmennene ville representere landet sitt i utlandet sjølve.
Venstre var det partiet som fronta konsulatsaka sterkast. Høgre rekna lenge unionen som noko positivt, men ville ha forhandlingar om å få norske konsular. Forhandlingar om eit norsk konsulatvesen vart tekne opp att i 1902 av unionslanda. Seint i 1904 kom det eit svensk forslag om at eit norsk konsulatvesen framleis skulle ligge under svensk utanrikspolitikk. I Norge ble dette svenske forslaget kalla "lydrikepunkta" og fekk fram sterke nasjonale og antisvenske straumdrag rundt om i landet.
Politisk samling med Christian Michelsen
Forhandlingane med svenskane køyrde seg fast på vårparten 1905, og unionsspørsmålet vart no "ein knute som ein ikkje kunne løyse opp, men måtte hogge over". Eit verkeleg gjennombrot kom med samlingsregjeringa til Christian Michelsen i mars 1905. Ho var villig til å vedta at det skulle vere eit norsk konsulatvesen, sjølv om det skulle setje unionen i fare. Etter det var det eit politisk spel i Stortinget der Stortinget vedtok oppretting av eit norsk konsulatvesen.
Christian Michelsen

Christian Michelsen (1857–1925) har ein stor del av æra for unionsopjpløysinga. Michelsen hadde bakgrunn både frå Høgre og seinare Venstre. Han var med det eigna som ein samlande figur.
7. juni-vedtaket og unionsoppløysing
Konsulatvedtaket til den norske regjeringa blei lagt fram for kong Oscar 2. i statsråd i mai. Kongen nekta å godkjenne lova, og dei norske statsrådane svarte med å søke avskjed. Kongen nekta å godkjenne avskjedssøknadene fordi han ikkje kunne få danna noka ny regjering på det tidspunktet.
I ei erklæring den 7. juni kunngjorde Stortinget at ettersom Oscar 2. ikkje klarte å danne noka norsk regjering, noko Grunnlova sa var kongens oppgåve, så hadde han opphøyrt å fungere som konge i Noreg. Kongefellesskapen, og dermed også unionen med Sverige, var derfor å rekne som oppløyst.

I vedtaket heiter det:
Da Statsrådets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeter, da Hans Majestet Kongen har erklært seg ute av stand til å skaffe landet ny regjering, og da den konstitusjonelle kongemakt således er trådt ut av virksomhet, bemyndiger Stortinget medlemmene av det i dag avtrådte Statsråd til inntil videre som den norske Regjering å utøve den Kongen tillagte myndighet i overensstemmelse med Norges Grunnlov og gjeldende lover – med de endringer som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under én konge er oppløst som følge av, at kongen har opphørt å fungere som norsk konge (Det norske kongehus, 2007).
Saksgangen for regjeringa, Stortinget og kongen
- Stortinget vedtek å opprette eit norsk konsulatvesen i slutten av mai 1905.
- Kongen nektar sanksjon.
- Dei norske styresmaktene nektar å kontrasignere kongen si avgjerd om sanksjonsnekting.
- Statsrådane leverer inn avskilssøknadene sine.
- Kongen nektar å ta imot desse (fordi han då ville vore utan ei norsk regjering).
- Statsminister Michelsen melder i Stortinget at regjeringa har gått av.
- Stortinget vedtek samrøystes 7. juni-erklæringa.
Forsvaret blir mobilisert
Sommaren 1905 vart 20 000 menn kalla inn til å vere grensevakter. Mot eit overlegent svensk forsvar, vart det norske forsvaret mobilisert utan at det kom til militære samanstøytar. Oskar 2. valde likevel å kalle inn til tingingar i Karlstad. Svenske styresmakter gjekk til tingingane med utgangspunkt om unionen skulle oppløysast eller ikkje, nordmennene om korleis det skulle skje. Kongen kravde også folkerøysting om unionsoppløysinga i Noreg.