Kjeldemateriale
Oppgåve til Kongens nei
Dokumentet vi kallar "Kongens nei" er eit av dei viktigaste dokumenta i nyare norsk historie. Kong Haakon 7. gav aldri etter for det tyske kravet om å godkjenne Vidkun Quisling som ny norsk statsminister.

Eit av dei mest kjende bilda frå byringa på andre verdskrigen i Noreg, viser kong Haakon og kronprins Olav som søkjer ly under ei bjørk i samband med eit tysk luftangrep i Molde.
Oppgåve 1. Beskriv kjelda

Dokumentet som har blitt kjent som "Kongens nei" der Kong Haakon 7. avslår å gjøre Quisling til norsk statsminister.
Les artikkelen Kva er ei historisk kjelde?
- Studer dokumentet på biletet. Kva er dette for eit dokument? Når vart dokumentet skrive?
Kvifor vart det skrive, trur du?
Oppgåve 2. Analyser kjelda
Les fagartikkelen Kongens nei.
- Studer kjelda ein gong til. Fortel kjelda deg noko nytt no? Grunngi svaret.
- Kvifor blir denne kjelda rekna som ei så viktig kjelde i nyare norsk historie?
Gratulerer! Du har no analysert ei historisk kjelde!
Relatert innhald
Kva er ei historisk kjelde?
Når vi skal danne oss eit bilete av historiske hendingar, er vi avhengige av å tolke kva ulike primærkjelder fortel.
Kongens nei
Kong Haakon 7. nekta å gje etter for kravet til tyskarane om at Quisling skulle setjast inn som statsminister i 1940.