Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Innføringa av parlamentarismen

"All makt i denne sal" er det mest kjende uttrykket i kampen for parlamentarismen. Johan Sverdrup spelte ei sentral rolle i vetostriden, som til slutt enda i ein riksrettsdom mot den kongevennlege regjeringa Selmer og med innføring av parlamentarisme i Noreg.

Vetostriden

Vi seier at parlamentarismen vart innført i 1884 i Noreg. Utviklinga før den tid var prega av sterke motsetnader. Den såkalla vetostriden leier rett fram til 1884.

Utgangspunktet var at Grunnlova frå 1814 forbaud regjeringa tilgang til Stortinget. Det var for å sikre uavhengigheit for dei folkevalde. Men i 1872 vedtok Stortinget at statsrådane kunne møte der. De ønskte at debatten mellom stortingsrepresentantane og regjeringa skulle gå føre seg i Stortinget, altså i parlamentet. Regjeringa var mot dette, for dei rekna med at det ville flytte makt over til de folkevalde, og kongen la ned veto mot vedtaket.

Fram mot 1884 er kongen og Stortinget på kollisjonskurs. Den 9. juni 1880 endra Stortinget vedtaket frå 1872 og vedtok at statsrådane hadde møteplikt i Stortinget, noko som skapte begeistring hos opposisjonen og provoserte motstandarane. Dette vart følgt opp gjennom politisk agitasjon i den framveksande pressa, som støtta kvar sine leirar. Statsminister Frederik Stang søkte avskil og vart erstatta av Christian August Selmer, som framleis var lojal mot kongen. Likevel hadde Selmer ikkje slik autoritet som forgjengaren, verken blant motstandarane eller blant støttespelarane sine.

Denne krisa måtte få ei politisk løysing, Sverdrup og tilhengarane hans planla å stille regjeringa for riksrett fordi ho ikkje tok omsyn til stortingsfleirtalet. Kongen og embetsmennene oppfatta dette som svært provoserande og skjerpa frontane meir. Riksretten bestod av Høgsterett og lagtingsmedlemmene, og var ein spesiell domstol for å dømme statsrådar. Odelstinget reiste tiltale i riksretten.

Riksretten

Valet i 1882 vart det første partivalet i norsk historie. Rundt omkring i heile landet vart det halde heftige politiske debattar og møte i forkant av valet. Hovudtemaet var tillit eller mistillit til regjeringa Selmer. Det gjekk føre seg ei stor politisk veljarmobilisering ved dette valet, som til slutt førte til at Sverdrup og venstreopposisjonen hans vann ein knusande politisk siger ved stortingsvalet. Det som skulle bli partiet Venstre, fekk alle plassane i Lagtinget og fleirtal i Odelstinget. Dermed kunne dei stemne regjeringa Selmer for riksrett.

Riksretten kom saman i 1883. Frå begge politiske leirar herska det uvisse om kva høgre- og venstresida skulle gjere. Enkelte på høgresida oppfordra kongen indirekte om å ta makta gjennom å oppløyse Stortinget, og i løynd vart slike planar lagde. Kongen og forsvarsleiinga tvilte likevel på lojaliteten til soldatane. Venstresida var også villig til å setje makt bak krava, og hadde støtte i dei landsomfattande frivillige skyttarlaga.

Parlamentarismen blir innført

Dom i riksrettssaka fall våren 1884. Lagtingsrepresentantane i riksretten fekk gjennomslag for sitt syn i dommen. Statsminister Selmer og fleire regjeringsmedlemmer vart frådømde embeta sine, andre fekk bøter. Høgsterettsdommarane stemde for frifinning. Røyster frå høgresida meinte riksrettsdommen var ei politisk rettssak, der eit "politisk tribunal" dømde sine politiske motstandarar. Johan Sverdrup forsvarte riksrettsdommen med at sidan normal politisk saksgang ikkje vart respektert, så fanst det ingen annan veg enn gjennom riksretten for at styresmaktene skulle respektere folkeviljen. Det viktigaste var likevel at riksrettsdommen vart akseptert av Høgsterett, sjølv om kongen i første omgang utnemnde ei ny regjering utan støtte i Stortinget.

Med dommen i riksretten mista embetsmennene makta både i Stortinget og i regjeringa. Kongen ga i løpet av sommaren etter for stortingsfleirtalet og riksrettsdommen og bad leiaren av stortingsfleirtalet, Johan Sverdrup, om å danne regjering. Danninga av regjeringa Sverdrup blir rekna som parlamentarismens gjennombrot i Noreg.

Parlamentarisme

Eit politisk system som går ut på at ei regjering ikkje kan styre utan å ha fleirtal i nasjonalforsamlinga bak seg.

Kjelder

Nordby, T. & Thorsen, D. E. (2026, 4. januar). Parlamentarisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/parlamentarisme

Steine, B. A. (2023, 20. desember). Paramentarisme og partidannelser. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1512-parlamentarisme-og-partidannelser.html

Relatert innhald

Norsk sjølvstyre

Embetsmennene skulle spele ei vesentleg rolle i norsk politisk historie etter innføringa av Grunnlova og norsk sjølvstyre frå 1814.

Skrive av Jan Erik Auen.
Sist oppdatert 30.01.2026