Borgarkrig og kommunisme - Historie (vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Borgarkrig og kommunisme

Bolsjevikane tok makta i Russland i oktober 1917, det løyste ikkje dei russiske problema. Sommaren 1918 braut det ut borgarkrig i Russland mellom bolsjevikane og motstandarane av det nye regimet. I 1922 blir "unionen av sovjet" oppretta .

Bolsjevikane, no kalla kommunistane, underteikna ein fredsavtale med Tyskland våren 1918 om avslutning av krigen på austfronten. Likevel skulle det ikkje bli fred internt i Russland.

Bøndene og arbeidarane

Eit anna utfordring som måtte løysast, var ønsket frå dei russiske bøndene om å eige jorda sjølv. Den såkalla jordhungeren gjorde sitt til at bøndene engasjerte seg i revolusjonen. Fram til då hadde jordbruket i stor grad vore føydalt, altså at jorda vart eigd av få, rike storbønder. Bøndene hadde i løpet av sommaren teke saka i eigne hender og kravd at tsarens og kyrkjas jordbruksland skulle delast med bøndene utan motytingar, altså ei nasjonal løysing for alle. For å få støtte blant bøndene godtok bolsjevikane denne løysinga og skreiv i februar 1918 ut eit jorddekret som støtta kravet frå bøndene.

Arbeidarane som deltok i revolusjonen, opptredde ofte uoppmoda og meir radikalt enn det bolsjevikleiinga fann tilrådeleg. Bankane og dei største bedriftene vart gjorde statlege. Blant arbeidarane vart slagordet "arbeidarkontroll" sentralt, og ofte vart det etablert spontane fabrikkomitéar som fjerna leiinga og overtok bedriftene.

Planane til bolsjevikane og deltaking i oktoberrevolusjonen bygde på Lenins tankar om at første verdskrigen skulle utløyse ein verdsrevolusjon. I fleire europeiske byar fanst det revolusjonsforsøk, men desse vart raskt slått ned av styresmaktene. Sommaren 1918 starta borgarkrigen mellom dei raude bolsjevikane og motstandarar av styret frå alle samfunnslag og politiske retningar.

Borgarkrig

Raude og kvite i borgarkrigen

Dei kvite arméane

Kvite styrkar var dei som kjempa mot bolsjevikane i den russiske borgarkrigen. Dei bestod av ulike grupperingar og hadde ingen felles ideologi, men var alle motstandarar av bolsjevikane og oktoberrevolusjonen. Dei fekk støtte av USA, Storbritannia og Frankrike.

Den raude arméen

Den raude arméen vart oppretta i 1918, var leidd av Lev Trotskij og bestod i hovudsak av bondesoldatar som støtta forsvarskampen til kommunistane mot ulike kvite styrkar.

Motstandarane av bolsjevikstyret hadde ein felles fiende, men var politisk splitta. Sommaren 1918 kjempa ulike kvite styrkar mot bolsjevikane med utanlandsk støtte. Målet var å knekke revolusjonen, men kva Russland skulle vere, var det ulike interesser om blant dei kvite styrkane. For dei utanlandske styrkane var målet å få Russland med tilbake i krigen mot tyskarane på austfronten.

Sjølv om dei kvite styrkane lenge hadde mange fordelar, gjekk dei raude styrkane til slutt sigrande ut av borgarkrigen. Då utanlandske styrkar trekte seg ut (1919) etter at tyskarane hadde kapitulert, vart dei kvite prega av splitting, politisk så vel som geografisk.

Bolsjevikane kontrollerte kjerneområda i Russland. Til forskjell frå dei raude, var dei kvite styrkane dårleg koordinerte, og innsatsen deira fungerte i praksis som ei rekkje skilde krigar utan sentral leiing. Det einaste dei kvite styrkane hadde til felles, var antibolsjevismen. Dei russiske bøndene og ulike minoritetar frykta også i større grad dei kvite styrkane enn dei raude, fordi dei vart rekna som representantar for det gamle tsarregimet.

Befolkningas haldning avgjorde krigen

Med støtte frå arbeidarane, og i det minste velvillig nøytralitet frå bøndene, var Den raude armé i stand til å nedkjempe dei ulike kvite arméane ein etter ein. I løpet av 1921 var bolsjevikane åleine om makta i Russland, og året etter vart unionen av sovjet etablert. Gjennom borgarkrigen mot dei kvite gjekk bolsjevikane på akkord med ideala om fridom og folkemakt. Frykta for kontrarevolusjon la forholda til rette for eit sterkt sentralisert eittpartistyre – med maktmiddel til å forfølge potensielle fiendar av den kommunistiske revolusjonen.

Den tredje internasjonale var eit internasjonalt forbund av kommunistiske og venstresosialistiske parti. Han vart grunnlagd i mars 1919 etter initiativ frå Lenin og det sovjetiske kommunistpartiet, og fekk spesielt betydning etter Moskvatesane på Lenins initiativ i 1920. Moskvatesane stilte ulike krav til medlemspartia og fungerte etter kvart som Sovjetunionens talerøyr til den internasjonale arbeidarrørsla. Moskvatesane skapte splitting innanfor ei rekke lands arbeidarrørsler og bidrog til eit sterkare skilje mellom dei revolusjonære og .

Sovjetunionen (unionen av sovjet)

For Lenin var eininga til arbeidarklassen på tvers av nasjonale grenser viktigare enn krav om nasjonal sjølvråderett. Samanbrotet for tsarregimet framkalla krav om sjølvstyre blant Russlands mange minoritetar. Likevel ønskte ikkje alle minoritetane fullt sjølvstende, men eit sjølvstyre knytt til ein føderasjon av sovjet-republikkar. Polen, Finland og dei baltiske statane valde å bryte ut av dette samarbeidet og erklærte seg sjølvstendige.

Sovjetunionen vart etablert som "unionen av sovjet" i 1922. Makta til den enkelte sovjetrepublikken vart likevel svært avgrensa og handterte berre jordbruk, utdanning og helse- og sosialspørsmål.

Kommunistpartiet tok no sterkare grep om makta overalt i det nye Sovjetunionen. Dei såg på seg sjølve som arbeidareliten som skulle leie massane gjennom revolusjon til det klasselause samfunnet. I praksis vart erstatta med partiets. All opposisjon internt og utetter i kommunistpartiet vart kjempa mot, og verkemidla prega heile befolkninga. Sensur, tvang og hemmeleg politi vart brukt for å gjennomføre dette, og potensielle fiendar av partiet vart vilkårleg dømde og plasserte i arbeidsleirar.

Kjelder

Egge, Å. (1993). Frå Aleksander II til Boris Jeltsin. Russlands og Sovjetunionens moderne historie. Universitetsforlaget.

Nielsen, J. P. (2021, 15. januar). Den russiske borgarkrigen i Store norske leksikon https://snl.no/den_russiske_borgerkrigen

Relatert innhald

Fagstoff
Stalin og stalinismen

Josef Stalin kom til makta på 1920-talet og leidde Sovjetunionen med hard hand og streng kontroll.

Fagstoff
1917: revolusjon i Russland

Etter februarrevolusjonen oppstod det eit maktvakuum i Russland. Same år gjorde bolsjevikane statskupp.

Skrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2022