Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk handelsruter

I denne oppgåva skal du utforske ei handelsrute. Du skal undersøkje bakgrunnen for og verknaden av denne handelsruta.

Oppgåve

  1. Jobb saman i små grupper, og vel ei av dei følgjande handelsrutene som de ønskjer å vite meir om:

    • handelsruta vestover i vikingtida

    • handelsruta austover i vikingtida

    • Silkevegen

    • trekanthandelen

    • sjøvegen til Asia

  2. Utforsk så korleis handelen langs den valde ruta gjekk føre seg.
    De bør ha med dei følgjande punkta:

    • Kva var bakgrunnen for handelen langs denne ruta?

    • Kven handla med kven langs ruta?

    • Korleis gjekk handelen føre seg? Korleis vart varene frakta?

    • Kven hadde makt i handelsforholda? Kven fekk fordelar av denne handelen?

    • Korleis påverka handelen menneska sine liv?

Lag så ein liten presentasjon om det de har funne ut.

Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist oppdatert 25.02.2026