Kvifor kom det ein ny industriell revolusjon på 1800-talet? Kva var nytt med denne revolusjonen? Få oversikt og forklar samanhengar ved hjelp av temakart.
Korleis bruke temakarta?
Temakarta skal hjelpe deg med å strukturere årsaker og konsekvensar i fleire tema i nyare historie. Temakarta består av boksar og piler. Både boksane og pilene skal fyllast med tekst, og om du klikkar på dei, kjem det opp ein tekstboks som du kan skrive i.
Boksane representerer konkrete hendingar eller utviklingstrekk. Når du skriv i desse boksane, skal du øve deg på å trekke ut det aller viktigaste. Prøv å avgrense deg til to–tre setningar.
Pilene skal forklare samanhengar mellom boksane. Ein samanheng kan vere at boks A er årsak til boks B, at boks A påverkar boks B, eller at boks A hjelper oss til å forstå boks B. Av og til kan samanhengar gå begge vegar, slik at også boks B påverkar boks A. Av og til er det lett å sjå samanhengar; dei kan til dømes stå direkte forklarte i læremiddelet du bruker. Andre gonger må du tenke sjølv. I pilene bør du skrive så utfyllande du kan. I tillegg til å forklare kan du til dømes trekke inn døme eller kjelder de har jobba med, som kan belyse denne samanhengen.
Notata dine blir lagra i nettlesaren. For å lagre notata lokalt kan du gå til Mine notater eller Mine dokumenter og kopiere teksten inn i eit eige dokument.