Stein, bronse og jarn

Steinalderen, bronsealderen og jernalderen
Frå den tidlegaste tida vi har spor frå, finn vi nesten berre reiskapar av stein. Men det er ikkje derfor det heiter steinalderen. I steinalderen, som varte i mange tusen år, frå cirka 10 000 f.Kr. til cirka 1800 f.Kr., laga menneske verktøy av stein. Det som er igjen, viser at dei laga skarpe verktøy ved bruk av ein den gong avansert teknologi. Sjølv om det er stein som er bevart, veit vi at dei òg laga ting av tre, bein, bork, skinn med meir.
Då menneska lærte kunsten å omarbeide og bruke metall, blei fleire og finare ting bevarte. Det første metallet som fekk noko å seie, var bronse. Arkeologane har funne metallobjekt som er omtrent 5000 år gamle. I Noreg er det ikkje mange restar av bronse frå bronsealderen, men til gjengjeld er det mange plassar med spor etter bronsestøyping. Vi reknar bronsealderen i Noreg frå cirka 1800 f.Kr. til cirka 500 f.Kr.
Seinare lærte menneska å støype reiskapar og våpen av jern. Denne tida kallar vi jernalderen. Vi deler gjerne perioden opp i eldre og yngre jernalder. Frå yngre jernalder har vi mange funn fordi gravskikken endra seg. Folk frå store gardar fekk no gjerne smykke og anna utstyr med seg i grava.
Med inndelinga i steinalder, bronsealder og jernalder følger det òg ein tendens til å fokusere på teknologi når vi fortel historia. Kanskje er ikkje det viktigaste med steinalderen at folk brukte steinreiskapar? Kanskje ville det vere meir interessant å undersøke kosthald eller sosiale relasjonar eller religiøse førestillingar? Forskarar interesserer seg for alle desse spørsmåla. Men spora dei har å bygge forståinga si av dette på, er altså i hovudsak laga av stein.
Arkeologar versus historikarar
Dei som er ekspertar på å tolke fortida på grunnlag av ting dei finn i jorda, blir kalla arkeologar. Dei støttar seg på mange andre fagfelt i arbeidet sitt. Til dømes vil geologar kunne bidra med ekspertise om danninga av steinartar og eigenskapane dei har, zoologar vil kunne analysere beinrestar frå dyr, og botanikarar kan kjenne att frø og pollen frå ulike plantar. Men arkeologen er fortidshistorikaren som set saman kvart enkelt funn til eit bilete av korleis menneske levde i fortida.
Historikaren jobbar først og fremst med tekst, og har dermed ei avgrensa rolle i forskinga på forhistorisk tid. Sjølv om skrift vart funne opp mange tusen år før Kristus, slik at det finst noko skriftleg materiale også i forhistorisk tid (til dømes Hammurabis lover eller dei egyptiske hieroglyfane), tek hovuddelen av arbeidet til historikaren til når det blir fleire skriftlege kjelder å arbeide med.
Relatert innhald
Dei første spora av menneske i Noreg er omtrent 11 000 år gamle.