Okkupasjonen av Noreg - Historie (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Okkupasjonen av Noreg

Tyskarane angreip elleve norske byar i morgontimane den 9. april 1940. Same dag marsjerte tyske troppar på Karl Johans gate. Etter at kampane hadde stansa, tvinga den tyske okkupasjonsmakta igjennom eit tyskvennleg styre, med Nasjonal Samling som det einaste tillatne partiet.

Dei første krigsdagane i Noreg

9. april

Utover dagen sikra tyskarane seg kontroll over Oslo og andre byar i landet. I morgontimane hadde kryssaren Blücher blitt senka ved Oscarsborg. Det forseinka angrepet på Oslo, der hovudmålet for tyskarane var å få kontroll over kongemakta og regjeringa. Då tyske militære styrkar paraderte opp Karl Johan seinare på dagen, var den norske regjeringa og kongemakta allereie på veg til Hamar og Elverum. Parallelt tok leiaren for Nasjonal Samling, Vidkun Quisling, seg inn på NRKs radiostudio i sentrum og gjorde statskupp per radio. Høyr opptaket av Quislings statskupp i radio på NRKs nettsider.

Elverumsfullmakta

Om kvelden den 9. april samla Stortinget seg for siste gong, i ein forsamlingssal på Elverum. Her gav Stortinget regjeringa fullmakt til å ta avgjerder på Stortinget sine vegner. Det var inga votering over vedtaket, som blei foreslått av stortingspresident C. J. Hambro, men ingen representantar hadde nokon innvendingar mot forslaget.

Kongens nei til Quisling

Dagen etter det første tyske angrepet på Noreg avviste kongen kravet til tyskarane om å innsetje Vidkun Quisling som ny statsminister i landet. I ein tale til regjeringa i Nybergsund 10. april sa han:

Men jeg har nøye prøvet meg selv og overveiet min stilling, og jeg kan ikke utnevne Quisling, som jeg vet ingen tillit har verken i vårt folk som helhet, eller i dets representasjon, Stortinget, til statsminister. (Det norske kongehus, u.å.a)

Det okkuperte Noreg

Administrasjonsrådet

I Sør-Noreg heldt motstanden mot tyskarane fram gjennom april 1940, men kampane stansa tidleg i mai. I dei okkuperte delane av Noreg blei det den 15. april utnemnt eit administrasjonsråd av Høgsterett. Rådet skulle sjå til at det sivile samfunnet blei halde i gang sjølv om landet var i krig – mat måtte produserast, sjukehus og skular måtte driftast og toga måtte gå.

Rikskommissær Terboven

Den lunkne støtta som Quisling fekk frå nordmenn, førte til at Adolf Hitler 24. april 1940 utnemnde Josef Terboven som rikskommissær i det okkuperte Noreg. Terboven gjekk raskt i forhandlingar med Stortingets presidentskap om danninga av eit tyskvennleg riksråd til å styre Noreg.

London-regjeringa

I Nord-Noreg heldt kampen mot tyskarane fram utover i mai. Ved hjelp av polske, franske og britiske troppar blei den viktige byen Narvik teken tilbake i slutten av mai. Sigeren blei likevel kortvarig, for tyskarane angreip Frankrike og utanlandske styrkar blei prioriterte der. Tidleg i juni valde derfor kong Haakon og regjeringa å forlate Noreg og gå i eksil i Storbritannia.

Riksrådsforhandlingar

I løpet av sommaren 1940 vann tyskarane fleire militære sigrar i Noreg. Regjeringa og kongemakta var i eksil, og forhandlingsmoglegheitene med tyskarane blei stadig svekte. Stortingets presidentskap blei drive frå skanse til skanse og sende i juli 1940 kongen ei oppmoding om å abdisere frå den norske trona. Kong Haakon nekta å abdisere fordi oppmodinga var eit resultat av tysk maktbruk, ho representerte ikkje det folket ønskte. Kongen ville heller ikkje at Noreg skulle bli eit lydrike under Tyskland. Som han sjølv uttrykte det: "En abdikasjon fra min side ville altså ikke engang formelt være til fordel for et selvstendig riksstyre i Norge" (Det norske kongehus, u.å.c).

I ein tale til det norske folket 26. august 1940 grunngav kong Haakon kvifor han og regjeringa drog i eksil til Storbritannia:

Det er i visse kretser blitt påstått, at min og Regjeringens avreise fra Norge har skapt vanskeligheter for landet og for dem, som blev igjen.

Jeg mener, vi gjorde rett. Hadde vi blitt i Norge, kunde de nuværende makthavere ha tvunget oss til å akseptere alt det, de ønsket. Det var for å unngå dette, at vi drog av landet – og vi hadde Stortingets vedtak å bygge på, da vi gjorde det. (Det norske kongehus, u.å.c)

Tenk over

Kva handlingsrom og kva alternativ hadde kongen og regjeringa i 1940?

"Kommissariske statsrådar"

Kongens nei til å abdisere på tysk kommando vekte motstanden mot etablering av eit riksråd i Noreg. På seinsommaren stoppa forhandlingane opp. Josef Terboven hadde eit klart mål om å få på plass eit tyskvennleg styre i Noreg, og den 25. september 1940 utnemnde han tretten kommissariske statsrådar med ansvar for kvart sitt departement. Ti av dei var ti NS-medlemmer. Denne styringsforma var kjend i Tyskland sidan Hitler hadde teke over makta i 1933.

Utan støtte i Stortinget kunne no kommissariske statsrådar under tysk innverknad endre lovverket etter kva som passa det nye regimet. Derfor valde Høgsterettsdommarane i desember 1940 å fråtre stillingane sine. Dei grunngav avgjerda med at dei nye lovene hadde ikkje forankring hos dei folkevalde, og at dei braut med Grunnlova.

"Nyordninga"

Med den tyske okkupasjonen forsvann demokratiet i Noreg, og alle andre parti enn Nasjonal Samling blei forbodne. Gjennom (nazifiseringa) skulle potensiell motstand mot regimet kontrollerast, og folket skulle indoktrinerast med verdiane til NS.

1. februar 1942 blei Vidkun Quisling innsett som "ministerpresident" for "den nasjonale regjeringa" av Josef Terboven. Quisling framstilte dette som ei reell overføring av makt til regjeringa hans. I realiteten heldt den tyske innverknaden på regjeringa og politikken i Noreg fram resten av okkupasjonstida. I samfunnet blei nyordninga i hovudsak møtt med protestar, og utover i okkupasjonstida med koordinert motstand og sabotasje.

Motstandsarbeidet startar

I takt med at kontrollen av informasjon auka, oppstod det illegale aviser. Hausten 1941 blei det forbode å lytte til radio for alle som ikkje var NS-medlemmer. Då gøymde mange unna radioapparata sine. Radiosendingane frå London blei den viktigaste informasjonskjelda for nordmenn flest gjennom krigsåra.

Radioklipp "Dette er London" (nrk.no)

Kampen mot NS og den tyske okkupasjonen

Ved sida av militær motstand frå Milorg og kommunistiske grupper blei haldningskampen mot nyordninga viktig for mange grupper i det sivile samfunnet.

Dei som produserte og distribuerte illegale aviser og som deltok organisert motstandsarbeid, utsette seg for store farar. Lærarar, prestar og biskopar, ulike foreldreaksjonar og idrettsrørsla spelte ei betydeleg rolle i motstanden mot nyordninga i Noreg.

Kjelder

Det norske kongehuset. (u.å.a) "Kongens Nei" i Nybergsund. https://www.kongehuset.no/tale.html?tid=96592&sek=26947&scope=27247

Det norske kongehuset. (u.å.b) Mine plikter – "Kongens andre nei". https://www.kongehuset.no/tale.html?tid=29225

Det norske kongehuset. (u.å.c) Spørsmålet om abdikasjon, reisen fra Norge mm. https://www.kongehuset.no/tale.html?tid=88678

Skodvin, M. (2018, 15. februar). "Elverumsfullmakten". I Store Norske Leksikon. https://snl.no/Elverumsfullmakten

Skrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2022