Nasjonaljubileet – Noreg i tusen år
Slaget på Stiklestad, 29. juli 1030, der Olav Haraldsson døydde, har seinare blitt ein milepæl for framveksten av Noreg, både i samband med riksdanninga og med kristninga av landet. Olav Haraldsson blei helgenkonge, og han blei eit symbol for det norske riket. I riksvåpenet vårt er det øksa til Olav løva held.
Det var kong Eirik Magnusson som først utstyrte løva i kongevåpenet med øks og krone. Det markerte at kongane no skulle forståast som ein slags stadlege representantar for den evige kongen i landet, Olav den heilage.
I samband med Nasjonaljubileet blir det også andre jubileum knytte til ulike tema. All informasjon om jubileet og jubileumsstafetten finn du på Norge i tusen år, Nasjonaljubileet 2030.
I 2024 gjeld det Landslovjubileet. Vi feirar 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Deretter kjem jubilea slag i slag. Alle er del av forteljinga om Noreg.
2024 – Verdiar i lovverket:
Landslovjubileet
Moster 2024, Gulating og Frostating2025 – Migrasjon og identitet
Nasjonalt utvandrarjubileum2026 – Slekt og samfunn
2027 – Tilhøyrsel – samisk miljø
2028 – Forteljingar om Noreg
2029 – Folketradisjon
2030 – Fellesskapar: jubileet for slaget på Stiklestad
2031 – Helgenkåring
Vi har allereie fleire ressursar på NDLA som handlar om temaa i jubileumsstafetten og nasjonaljubileet. I perioden fram til 2030 kjem vi også til å publisere nytt innhald som er aktuelt i denne samanhengen.
Rikssamling i vikingtid og tidleg norsk mellomalder
Konge og kyrkje - maktkamp og samanfallande interesser