La elva leve!
Handlinga
Ester flyttar til Alta for å jobbe som lærarvikar. Ho held den samiske bakgrunnen sin skjult for både kollegaer, elevar og resten av verda.
Ein dag blir ho med fetteren sin til ein protestleir der både samar og miljøaktivistar demonstrer mot den planlagde bygginga av eit vasskraftverk i Altaelva.
Dette blir starten på ei reise der Ester gjenoppdagar dei samiske røtene sine og blir fylt av kampånd.
Sjå filmen før du svarer på spørsmåla.
Oppgåve 1. Alta-aksjonen
Alta-aksjonen var ein folkeaksjon som frå 1979 tok i bruk sivil ulydnad for å stoppe utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget.
Utforsk meir rundt folkeaksjonen.
Kva var bakgrunnen for aksjonen?
Kvifor dei valde å ta i bruk sivil ulydnad?
Kva skjedde vidare etter 1979.
Oppgåve 2. Å vere same
Ester i filmen blir sliten mellom det å vere same og vere stolt av det, og det å halde det skjult for mellom anna kollegaer og venner i Alta. Kvifor held ho den samiske identiteten sin skjult på jobben?
Mora til Ester seier ein stad i filmen at “Det samiske har inga framtid lenger. Den kampen er tapt for lenge sidan“. Kva trur du ho meinte med det? Kvifor hadde fleire denne haldninga på 1970-talet i Finnmark?
Kva betydde Alta-aksjonen for sjølvkjensla til samane og for folks oppfatning av samars rettar?
Korleis er det å vere samisk i dag? Møter samar negative haldningar i dag òg?