Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Kristendommen – opphav og utbreiing

Kristendommen starta som ei lita jødisk sekt som etter kvart blei statsreligion i dåtidas største imperium – Romerriket. Dei etterfølgande viktigaste hendingane i kristendommen si historie er Det store skismaet i 1054 og reformasjonen på 1500-talet.

Byrjinga til kristendommen

Kristendommen starta som ei jødisk sekt sentrert rundt personen og læra til Jesus frå Nasaret. Jesus blei anklaga for blasfemi og avretta via korsfesting, men stod opp frå dei døde, ifølge dei næraste tilhengarane sine, apostlane. Oppstoda blei sett på som bevis for at Jesus var den lova Messias nemnd i jødane sin bibel.

Filmen under (lengde 4:02) gir eit kort samandrag av kristendommen si historie.

Video: Arkikon / CC BY-SA 4.0

Frå jødisk sekt til universalreligion

Ifølge dei fire evangelia viser Jesus seg for apostlane etter oppstoda. Då beordrar Jesus apostlane til å spreie bodskapen hans til alle folkeslag – dette blir kalla for misjonsbefalinga. Apostlane byrja deretter å misjonere til alle, ikkje berre jødar. Dei starta også med å organisere oldkyrkja, dvs. dei tidlegaste trussamfunna.

I tillegg til misjonsbefalinga er apostelen Paulus sentral for kristendommen si tidlegaste utvikling. Han blir rekna av fleire forskarar som kristendommens andre grunnleggar, fordi forståinga hans av Jesu lære blei den dominerande. Det er særleg Paulus som spreier kristendommen til ikkje-jødiske delar av Romerriket.

Kristendommen blei dermed misjonerande og universal, open for alle, i motsetnad til jødedommen, som er ein etnisk ikkje-misjonerande religion. Det vil seie at det ligg i naturen til kristendommen å spreie læra til alle menneske på jorda. Dette er ein av grunnane til at kristendommen har blitt verdas største religion.

Kyrkja går under jorda

Det nye testamentet fortel at dei kristne raskt blei fleire og spreidde seg til dei fleste romerske byane i løpet av dei første hundre åra. Årsaka til det var blant anna at kristendommen si lære om tilgjeving for alle appellerte til alle samfunnslag i antikken, etter kvart også blant den romerske politiske eliten.

Apostlane leia an i den veksande misjonsverksemda. Alle apostlane, unntatt Johannes, den yngste av dei, leid martyrdøden. Det vil seie at dei blei forfølgde og avretta på grunn av trua si på Jesus Kristus som verdas frelsar, og at dei fleste nekta å ofre til andre gudar eller keisaren.

Antikken – Konstantin ryddar veg for den kristne kyrkja

På 300-talet gjennomgår kristendommen radikale forandringar.

Keisar Konstantin såg at den kristne kyrkja var godt organisert, populær i alle samfunnslag, og kunne bli ei støtte for styret hans. Derfor valde han å organisere kyrkjemøtet i Nikea i år 325, der kristne biskopar skulle bli einige om ei felles truvedkjenning.

Denne truvedkjenninga blir grunnlaget for at eitt bestemt kyrkjesamfunn, den katolske kyrkja, seinare får statsstøtte i Romerriket, i år 380. I dei etterfølgande tiåra blir alle andre religionar og andre former for kristendom forbodne, og annleistenkande blir forfølgde og blir ikkje tolererte. Den katolske kyrkjeorganisasjonen blir meir sentralisert og får maktmonopol.

Dermed blir kyrkja eit klassisk kontrollorgan for keisarane til å samle og kontrollere befolkninga.

Ulike Jesus-bilete

Mellomalderen – Skismaet mellom Østkyrkja og Vestkyrkja

Då kyrkja fekk statsmakt, starta ein utviklingsprosess som til slutt medførte ei absolutt splitting av kyrkja i 1054.

I mellomalderen blei det politisk maktkamp mellom dåtidas to mektigaste bispesete – biskopen i Roma, som etter kvart fekk tittelen pave, og erkebiskopen av Konstantinopel (dagens Istanbul), som bærer tittelen patriark. Paven ønskte å bli heile kristendommen sin leiar, men dette blei ikkje godteke i Konstantinopel. Religiøst skilte Roma og Konstantinopel seg ytterlegare ved ulike gudstenesteformer, ulikt fokus på treeininga, synd og gudserfaring.

I år 1054 patriarken av Konstantinopel og paven i Roma kvarandre. Dette førte til ei kyrkjeleg splitting, ofte kalla Det store skisma. Austkyrkja blei kalla den gresk-ortodokse (rettruande), mens Vestkyrkja blei kalla den romersk-katolske (allmenne). Bannlysinga blei ikkje oppheva før i 1965.

Reformasjonen – Martin Luther og protestantane

Munken Martin Luther blir rekna som ein av dei viktigaste skikkelsane som igangset reformasjonen i 1517. Luther var kritisk til praksisen og læregrunnlaget til den katolske kyrkja, og ønskte å reformere kyrkja. Han meinte blant anna at kyrkja praktiserte ting som ikkje stod i Bibelen, slik som .

Dette blei seinare rekna som starten på ei reformrørsle som førte til brot med den romersk-katolske kyrkja. Dermed blei Vestkyrkja delt i løpet av 1500-talet, og det oppstod mange nye kyrkjesamfunn. Desse blir kalla for protestantiske kyrkjesamfunn.

Blant desse nye har vi til dømes den evangelisk-lutherske kyrkja, basert på læra til Luther: den reformerte kyrkja, kalvinistane, basert på den strenge læra til sveitsarane Jean Calvin og Ulrich Zwingli, og Den anglikanske kyrkja, som er eit resultat av at den engelske kongen Henrik 8. brøyt med paven og den katolske kyrkja i 1534, fordi Henrik ville skiljast og gifte seg på nytt.

Moderne tid – Religionsfridom opnar for frikyrkjer

Etter reformasjonen blei det oppretta ei rekke frikyrkjer – dvs. kyrkjesamfunn som ikkje er underlagde statlege myndigheiter. Kjende seinare døme kom frå land som England og USA, til dømes metodistane og baptistane. Det blei også danna frikyrkjer i Noreg, til dømes Brunstad Christian Church (BCC).

Nokre kristne grupper endra så mykje på trusinnhaldet, at dei av mange ikkje blir rekna som kristne. Eit døme på det er Jehovas vitner. Andre grupper, blant anna mormonane i USA, eller Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage, viser til nye oppdagingar av skrifter som grunnlag for trua si (Mormons bok).

Kristendommen på kartet

Kristendom i Europa

Det religiøse europakartet viser tydelege spor frå avgjerande hendingar i historia. Delinga av Romerriket i 395 synest framleis i skiljet mellom katolsk og protestantisk kristendom i vest og ortodoks kristendom i aust. Reformasjonen på 1500-talet har sett varige spor i skiljet mellom katolsk kristendom i sør og protestantisk kristendom i nord.

Kristendom utanfor Europa

Utbreiinga av kristendommen utanfor Europa heng først og fremst saman med den europeiske koloniseringa frå 1500-talet. Dette er spesielt tydeleg i Amerika og Afrika sør for Sahara.

Dei landa som låg under katolske kolonimakter, er gjerne hovudsakeleg katolske i dag, og dei som låg under protestantiske kolonimakter, er gjerne protestantiske.

USA og Canada er dominerte av innvandrarar frå ulike delar av Europa, og har derfor større variasjon når det gjeld religiøs tilhøyrsle.

Viktige omgrep

  • apostel
  • misjonsbefalinga
  • oldkyrkja
  • misjonerande religion
  • universalreligion
  • martyrdøden
  • pave
  • patriark
  • Det store skisma
  • Den gresk-ortodokse kyrkja
  • Den romersk-katolske kyrkja
  • protestantiske kyrkjesamfunn
  • frikyrkjer
Skrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget.
Sist oppdatert 15.01.2026