Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Jegerar og sankarar

Gjennom det meste av menneska si historie har folk levd som jegerar og sankarar. Det vil seie at folk ikkje dyrka jorda eller hadde husdyr, men levde av jakt, fiske og det dei kunne finne i naturen.

Jeger- og sankarsamfunna

Jegerar og sankarar er eit omgrep vi bruker om folkegrupper som lever av jakt på ville dyr, fiske og sanking av etande plantar. I både norsk og internasjonal historie seier vi at dette var noko som alle menneska på jorda dreiv med for rundt 10 000 år sidan. Sidan fekk vi overgang til jordbruk, men det finst framleis folkegrupper som lever som jegerar og sankarar. Dei er i dag minoritetar som slit med å behalde levemåtane sine. Dette gjeld mellom anna folkegruppene semang i Malaysia, kubu i Indonesia og hadza i Tanzania. Det same gjeld for mange urfolk som vil halde på tradisjonelle levevis.

Langs kysten i Noreg var det særleg ressursane i havet dei utnytta. Det er òg langs kysten dei fleste steinalderbuplassane er funne. Lenger inn i landet var det vanleg å jakte på dyr som elg, villsvin og hjortedyr.

Nomadisk tilvære

Vi reknar med at dei fleste levde i grupper på omtrent 30 personar, men gruppene kunne òg vere betrakteleg større. Det var i hovudsak slekter som heldt saman.

Menneska kunne ikkje bu ein fast stad, men måtte flytte etter matressursane. Det kan ha vore vanleg at dei følgde etter flokkar av dyr, som òg var på årvisse, sesongbestemde vandringar.

Nomadar

Nomadar og nomadisme vert brukt som omgrep på folkegrupper som flyttar frå stad til stad. Ein skil gjerne mellom nomadar som følger beitedyra til stammen etter kvart som dei skifter beiteplass, og nomadar som flyttar på seg for å drive jakt og matsanking.

Døme på tradisjonelle nomadefolk er beduinar, berbarar og tuaregar.

I det nomadiske tilværet var det ikkje praktisk å eige mange ting. Alt dei eigde, måtte dei bere med seg. Folk i jeger og sankarsamfunna hadde klede av skinn, og reiskapar og våpen som var laga av stein, tre og bein. Elles hadde dei ikkje mykje eigedom. Derfor er det rimeleg å tru at det ikkje var noka sterk sosial lagdeling. Dei som var eldst og mest erfarne, hadde truleg ei leiarrolle, men "leiarlønna" må ha vore avgrensa til at dei fekk dei største og beste stykka av byttedyret.

Mange forskarar meiner at jegarar og sankarar jobba mindre enn menneska har gjort seinare, kanskje så lite som eit par timar om dagen i gjennomsnitt. Prisen å betale var at det var kort veg frå velstand til krise. Ei jegergruppe kunne bukke under på kort tid om ikkje dei fann mat.

Kosthold og reinslegheit

Sjølv med ein forventa levealder på omtrent ein tredel av kva han er i dag, er det mykje som tyder på at folk i jeger og sankarsamfunnet levde sunt. Jakt og sanking gav eit allsidig kosthald med mykje protein og feitt. I jordbrukssamfunnet vart kosthaldet meir einsidig.

Jeger- og sankarsamfunna hadde òg færre smittsame sjukdomar fordi dei ikkje hadde husdyr som smitteberarar, og fordi dei flytta frå sitt eige avfall. I meir bufaste samfunn er reinslegheit og avfallshandtering ei utfordring. Jegerar og sankarar hadde òg færre belastningsskadar enn seinare bønder, fordi de ikkje hadde så einsidige, monotone arbeidsoppgåver.

Teknologisk innovasjon

Gjennom tusenåra kan vi sjå både teknologisk innovasjon og kunstnarisk produksjon i jeger og sankarsamfunna. Jakt med pil og boge, snarefangst og fiske med garn, er nyskapingar frå dei siste 50 000 åra. Arkeologane har òg funne kunst i form av dekorerte våpen, små kvinnefigurar i leire eller stein og fantastiske holemaleri.

Kanskje kan vi seie at det var den same evna til innovativ tenking som gjorde at homo sapiens sapiens på eit tidspunkt begynte med å halde husdyr og dyrke jorda, og dermed starta ein heilt ny epoke i arten si historie.

Kjelder

Glørstad, H. (2023, 21. november). Fisk i magen, elg på hjernen. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/eldre-steinalder/0105-fisk-i-magen-elg-pa-hjernen.html

Wæhle, E. (2024, 25. november). Jegere og sankere. I Store norske leksikon. https://snl.no/jegere_og_sankere

Relatert innhald

Skrive av Magnus Sandberg. Rettshavar: Kommuneforlaget.
Sist oppdatert 30.09.2025