Imperialisme: årsaker og konsekvensar - Historie (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Imperialisme: årsaker og konsekvensar

Imperialisme og kolonisering på 1800-talet er eit samansett tema, og det er mange årsaker til kvifor dette skjedde. I denne oppgåva skal du utforske nokre av årsakene til og konsekvensane av imperialisme.
"The White Man's Burden"

Rudyard Kipling skreiv diktet "The White Man's Burden" (Den kvite manns byrde) i 1899. Tankeforestillingane i diktet vart tekne i bruk for å rettferdiggjere vestleg imperialisme.

Kvite menneske og den vestlege sivilisasjonen vart rekna som meir velutvikla og høgtståande. Dei hadde derfor moralsk plikt og byrde til å sivilisere, altså til å oppdra andre folkeslag.

Du kan lese diktet "The White Man's Burden" på Wikisource.

Oppgåve 1

  1. Sjå på biletet ovanfor. Kva trur du Rudyard Kipling meinte med "den kvite manns byrde"?

  2. Korleis kan vi forklare det sterke europeiske ønsket om kontroll med oversjøiske område på 1800-talet?

  3. Kva kan tankegangen europearane hadde på 1800-talet, fortelje oss om det menneskesynet dei hadde om seg sjølve, og kva seier det om synet på ikkje-europearar?

  4. Sjå for deg at europearane i denne perioden hadde sett på menneske med ikkje-europeisk bakgrunn som likeverdige. Kva konsekvensar kunne det ha fått for den globale utviklinga i perioden 1870–1914?

Oppgåve 2

  1. Er det mogleg å påstå at kulturmøta på 1800-talet hadde både positive og negative konsekvensar for landa som vart utsette for imperialisme?

  2. Korleis kunne verda ha sett ut i dag dersom europearane ikkje hadde søkt ut over Europas grenser for å sikre seg politisk, økonomisk og kulturell kontroll i andre delar av verda?
  3. Kva meiner du er årsaka til at fordelinga av dei globale ressursane er så skeiv som ho er i dag?

Relatert innhald

Skrive av Nanna Paaske og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2021