Frigjeringa 8. mai 1945

Etter at Tyskland kapitulerte natt til 7. mai 1945, var det berre snakk om timar før dei tyske troppane elles i Europa trekte seg tilbake. I Noreg overgav tyskarane seg utan kamp natta mellom 8. og 9. mai. Om morgonen den 9. mai blei det igjen frie radiosendingar frå NRK.
Heimefronten hadde fått fullmakter til å opptre på regjeringas vegner ved den tyske kapitulasjonen i Noreg. Dette skulle vare til London-regjeringa og konge og kronprins var tilbake i Noreg. Dei hadde mellom anna ansvar då tyske soldatar overgav Akershus festning til heimefronten.
Maidagane vart ein stor folkefest. Folk samla seg i byane og på bygdene, og spesielt i Oslo blei det store folkemengder med norske flagg og jubel. Den 13. mai kom kronprins Olav saman med militærsjefar og nokre statsrådar tilbake til Oslo. Resten av regjeringa med statsminister Johans Nygaardsvold og stortingspresidenten, Carl J. Hambro, kom 31. mai. Den 7. juni gjekk òg kong Haakon i land i Oslo.
Film der tidsvitne fortel om fredsvåren 1945 (lengde 9:50).
Nettutstilling
For å finne ut meir om frigjeringa og tida etter andre verdskrigen, kan du sjå fleire nettutstillingar på Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek: Arbeiderbevegelse fra krig til fred.
Alle bileta i biletspelet under er frå maidagane 1945. Vel gjerne full storleik når du skal sjå det.