Fornekting av holocaust
Førearbeid
Kva kan du om holocaust frå før? Snakk med ein medelev.

Oppgåve
Les kjelde 1 om fornektinga.
Kjelde 1
Holocaustfornekting dreier seg kort fortalt om enkeltpersonar eller grupper som påstår at nazistane sitt mord på om lag seks millionar jødar under den andre verdskrigen ikkje skjedde. Holocaust er ifølge fornektarane ein myte som blir halden i live av pro-jødiske historikarar og jødiskdominerte medium.
Holocaustfornektarar hevdar at myten om holocaust først og fremst eksisterer fordi historikarane arbeider ut frå einsretta og ureflekterte kunnskapar og mytar om den andre verdskrigen. Dei påstår dessutan at holocaust er oppfunne for å presse Tyskland for erstatningsbeløp og for å rettferdiggjere at Israel vart oppretta og eksisterer i Midtausten. Slik kan jødisk kulturell og økonomisk makt framleis dominere verda.
Grunnsetningar hos fornektarar
Talet på døde er sterkt overdrive: Det døydde ikkje seks millionar jødar – og det var jødane si eiga skuld at dei vart forfølgde.
Det vart ikkje brukt gasskammer til å myrde jødar.
Hitler beordra ikkje jødeutryddinga, som dermed ikkje var offisiell politikk. Jødane vart berre deporterte "austover".
Kjelde: Molbæk-Steensig, S. (2020, 29. april). Holocaustfornektelse. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter. https://www.hlsenteret.no/undervisning/kunnskapsbasen/Ulike%20folkemord/folkemord-under-nazismen/ettertid/holocaustbenektelse
Kjelde 2
Lytt til ein podkast frå Verdibørsen på NRK: Intervju med Øyvind Kopperud, spesialrådgivar og forskar ved Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter.
Podkast, NRK: Hvorfor benekte holocaust?
Oppsummering av podkasten:
I podkasten spør programleiaren om holocaustfornekting har blitt vanlegare.
Øyvind Kopperud seier at det ser ut til å ha blitt meir vanleg, mellom anna fordi vi har fått nye kanalar, som sosiale medium, der desse meiningane kan uttrykkast, og dermed blir desse haldningane lettare spreidde.
Holocaustfornektarar har gjerne ein politisk dagsorden som del av eit større politisk prosjekt. Dette gjeld ikkje berre i Europa, men òg i Midtausten og delar av Afrika. Mange holocaustfornektarar har ei form for jødehat som liknar på det vi såg før og under andre verdskrigen. Nokre meiner at jødane har funne på Holocaust, andre meiner at Holocaust har skjedd, men at jødane misbruker tragedien. Nokre holocaustfornektarar dyrkar Hitler og ønsker å få han til å verke betre enn han var. Når dei bruker heltedyrking, så kan det for enkelte vere vanskeleg å akseptere at helten hadde ansvar for systematisk forfølging og folkemord på jødane, at seks millionar jødar blei drepne under andre verdskrigen.
Kopperud understrekar at nokre fornektarar av Holocaust gjerne vil diskutere alle moglege detaljar dei meiner ikkje passar, som murstein i gasskammera og korleis gassen verka og så vidare. Han meiner det er viktig ikkje å gå i diskusjon med fornektarar av ulike slag, fordi det er så absurd. Det er tusenvis av vitne og bevis for at Holocaust har skjedd, at seks millionar jødar, og mange millionar frå andre grupper, som romar, homofile, politiske fangar med fleire, også blei forsøkt utrydda.

Kjelde 3
Studer andre kjelder, til dømes "Folkemord i Nazi-Tyskland" hos Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter.
Svar på spørsmåla
Vil eit forbod mot å fornekte holocaust løyse problemet i dag?
Kva motiv og formål har ulike rørsler i dag med å fornekte holocaust?
Korleis kan ein med kritisk argumentasjon motbevise ei slik fornekting av folkemord? Les i fagartikkelen om kritisk tenking.
Vil du fordjupe deg i andre folkemord som har skjedd i moderne tid? Bruk gjerne ressurssida for folkemord hos Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter.