Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Opplysingstid og revolusjonar

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Amerikansk sjølvstende og grunnlov

Frigjeringskrigen mot Storbritannia enda med etableringa av eit sjølvstendig USA og ei grunnlov etter idéane og prinsippa frå opplysingstida.

Den amerikanske frigjeringskrigen

Utgangspunktet for den amerikanske frigjeringskrigen var konfliktar rundt Storbritannias rett til å skattlegge dei nordamerikanske koloniane, ikkje minst sidan kolonistane ikkje var representerte i det britiske parlamentet i London. Ueinigheita toppa seg med det såkalla Boston Tea Party i 1773, då ei stor flott frå dei amerikanske koloniane kasta all te frå nokre teskip som låg til kai i Boston, på sjøen.

Fram mot krigen var partane på kollisjonskurs. Kolonistane begynte å organisere seg i ein felles kongress som valde George Washington som øvstkommanderande for kolonistyrkane. Krigen braut ut i 1775 då britiske troppar blei sende for å beslaglegge eit våpenlager i staten Massachusetts. Slaga ved Lexington og Concord i april er rekna som dei første slaga i frigjeringskrigen mot Storbritannia.

Suksessen i krigføringa mellom partane veksla litt dei første krigsåra. Fransk militær støtte til kolonistane frå 1778 endra krigslykka i favør av amerikanarane. Den franske deltakinga i den amerikanske frigjeringskrigen kjem av stormaktsrivaliseringa med Storbritannia og tapet i . Dei økonomiske følgene skulle få konsekvensar for statsinntektene til den franske einevaldskongen i åra som kom. Sigeren til kolonistane i slaget ved Yorktown i 1781 skulle bli avgjerande for frigjeringskrigen. Ved fredsslutninga i Paris i 1783 anerkjende Storbritannia USAs sjølvstende.

Sjølvstende

Den 4. juli 1776 vedtok Kongressen ei sjølvstendeerklæring for dei 13 koloniane sør for Canada. Her vart det hevda at: "alle menneske er fødde like og har rett til fridom og moglegheita til å skape eit lykkeleg liv". Hovudarkitekten for erklæringa var Thomas Jefferson.

Denne setninga hadde ein tydeleg bodskap om fridommane til enkeltindivida. Ettertida har kritisert betydninga ordet "menneske" hadde i erklæringa, sidan ordet i realiteten betydde kvite menn med eigedom, og ikkje slavar eller kvinner. Likevel var draumen at individa skulle skape eit nytt, republikansk USA utan stender, i motsetning til "det gamle Europa", der ulike stender hadde ulike rettar og innverknad.DDiskuter:

Diskuter

Er den amerikanske draumen mogleg for alle amerikanarar?

Mange av dei same prinsippa låg til grunn for den amerikanske grunnlova, som vart vedteken i 1787. Opplysningsidéane om folkesuverenitet, maktfordeling og rettstryggleik vart fastslegne. Spørsmåla om makta til sentrale styresmakter kontra delstatane si eiga styresmakt vart heftig debatterte. Amerikanaranes eigne erfaringar og skepsis mot kongemakta tvinga fram ei balansert løysing der dei enkelte delstatane fekk stor råderett over eige område, mens president og regjering fekk ansvar for utanriks- og forsvarspolitikk.

USA: Republikansk forbundsstat

Sjølvstendet og USAs grunnlov viste resten av verda opplysningstidas idéar i praksis. Dette skapte entusiasme i eit Europa som var prega av stender, der ulike grupper i samfunnet hadde ulike rettar. For dei franske soldatane som deltok i frigjeringskrigen i USA, og befolkninga generelt, vart dette ein inspirasjon. Dei revolusjonære rørslene som var på kant med det eineveldige Frankrike, vart styrkte.

Kjelder

Pharo, H. (2025, 3. september). Den amerikanske uavhengighetskrigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_amerikanske_uavhengighetskrigen

Berg, O. T. & Notaker, H. (2025, 19. september). USAs politiske system. I Store norske leksikon. https://snl.no/USAs_politiske_system

Relatert innhald

Idégrunnlaget for opplysingstida

I opplysingstida vart det kongelege eineveldet utfordra av politiske tenkjarar som tok utgangspunkt i naturrett og folkesuverenitet.



Skrive av Jan Erik Auen.
Sist oppdatert 08.12.2025