Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Vaksinar og mutasjonar

I 2020 vart verda ramma av covid-19, ein smittsam sjukdom som kom av koronaviruset. Med covid-19 som døme ser vi nærmare på kva virus er, kvifor dei muterer, korleis immunforsvaret reagerer, og korleis vaksinar kan beskytte oss.

Virus – levande eller ikkje?

Virus liknar ingen organismar vi reknar som levande. Dei tek ikkje opp næring, har ikkje stoffskifte, veks ikkje og kan ikkje røre seg eller formeire seg utan hjelp frå levande celler. Men dei kan reagere på omgivnadene.

Når virus registrerer kontakt med celler, kan dei invadere, lure og utnytte vertscellene. Dei kan òg utvikle seg ved å ta opp nytt arvestoff frå vertscellene sine. Vi kan seie at virus er ein vinnar når det gjeld å få spreidd gena sine, men dei utfordrar definisjonen vår av liv – våre «kriterium for liv».

Mutasjonar – kvifor skjer det?

Mutasjonar er endringar i arvestoffet som skjer i alle organismar til kvar tid. Det er ein naturleg prosess som skjer tilfeldig eller som følgje av ytre påverknad, til dømes stråling eller kjemikaliar. I kroppen vår blir dei fleste mutasjonar i DNA reparerte med det same, fordi vi har eit avansert kontrollsystem. Dei fleste mutasjonane vi får, vil vi sjeldan merke. Andre er ugunstige og gir sjukdommar, og ytst få gir nye eigenskapar og fordelar i eit gitt miljø. Mutasjonar er drivkrafta bak evolusjonen.

Mutasjonar skjer svært hyppig hos virus – langt hyppigare enn hos andre organismar – og dei har ikkje reparasjonssystem som korrigerer mutasjonar. Det er grunnen til at det kjem ein ny influensavaksine på marknaden kvar haust, for influensaviruset har mutert og dermed endra seg sidan førre sesong.

Koronaviruset (covid-19) er eit RNA-virus (), og RNA er meir ustabilt enn DNA. Arvestoffet av RNA er éin enkelt streng av nitrogenbasar (A, C, U og A) som dannar ei rad av gen. Desse gena kan lage proteinkapper og nye RNA-trådar viss dei kjem inn i ei vertscelle. Når nitrogenbasar fell bort, kjem til eller byter plass, skjer det ein mutasjon.

Mange mutasjonar kan vere harmlause, eller dei kan vere skadelege for individet, men i svært sjeldne tilfelle gir dei ein fordel for den som har mutasjonen. Det er det som har skjedd med den muterte engelske koronavarianten. Han har fått betre evne til å feste seg på vertscellene, fordi ei aminosyre i overflateproteina har endra seg. Då skjønner vi at denne virustypen har lettare for å spreie seg ved å infisere fleire menneske, og at det skal færre virus til i eit rom før menneske blir smitta.

Andre mutasjonar kan føre til at viruset blir ufarleg, eller til at det blir mindre smittsamt.

Vaksine – kvifor verkar det?

Nokre sjukdommar er så farlege at vi bruker vaksinar til å aktivere immunforsvaret for å bli betre beskytta. Då koronaviruset (covid-19) spreidde seg ved årsskiftet 2019–2020, fanst det ikkje vaksinar som verka mot det. Det spreidde seg fort, gav alvorleg sjukdom og førte til mange dødsfall.

Det hasta med å utvikle ein ny vaksine, men prosessen er svært tidkrevjande. Først må viruset undersøkjast grundig, slik at arvestoffet og overflatestrukturen blir identifiserte. Deretter kan ein forske på ulike angrepsmåtar som ein vaksine kan bruke. Viss ein vaksinekandidat ser ut til å verke, blir det kravd grundig utprøving før vaksinen er trygg nok til å setjast i produksjon.

Føremålet med ein vaksine er å lure kroppen til å tru at han får ein infeksjon, slik at immunsystemet lærer å kjenne igjen det verkelege viruset. Vaksinen inneheld ufarlege delar av viruset (utan smittestoff). Desse aktiverer immunsystemet og dannar minneceller.

Viss du seinare blir utsett for dette viruset, finst det allereie antistoff og immunceller (B- og T-lymfocyttar) som hugsar førre «infeksjon». B-lymfocyttane kan lage raskt, og T-lymfocyttane kan angripe viruset direkte før du blir sjuk. Då seier vi at du har oppnådd immunitet.

Kor lenge denne immuniteten varer, avheng av kva del av immunforsvaret vaksinen aktiverer. Både B- og T-lymfocyttane har minneceller, men det ser ut til at T-cellene gir mest langvarig immunitet.

Nye DNA- og RNA-vaksinar er som ein

Ein tradisjonell måte å lage vaksinar på er å dyrke svekte virus i hønseegg. I etterkant er det ein tidkrevjande prosess å reinse ut dei aktive proteina som skal inngå i vaksinen.

Covid-19-vaksinane som baserte seg på DNA og RNA, var resultatet av ein langvarig forskingsprosess som skaut fart då pandemien var eit faktum.

Etter at genmaterialet til viruset var kartlagt, fann ein gen som kodar for dei proteina (piggane) som finst på overflata av covid-19. Dei nye covid-19-vaksinane inneheldt den RNA- eller DNA-koden som trengtest for å lage nokre av proteina på viruskapselen. Desse kodane må pakkast inn for at dei skal kome seg inn i celler. Deretter er det vertscellene som produserer det virusproteinet som skal framkalle den ønskte immunreaksjonen.

Viss viruset muterer, kan vaksinen tilpassast ved å endre DNA- eller RNA-koden som blir pakka inn.

Sekvensering for å avdekkje muterte virus

Sekvensering er ein metode eller prosess som blir brukt for å lese/finne rekkjefølgja til basane i DNA og RNA. Før dei kunne lage vaksinar mot covid-19, måtte forskarane avdekkje baserekkjefølgja i arvestoffet til viruset.

Sekvensering blei òg brukt for å avdekkje den engelske varianten – det muterte viruset. Dette vil bli gjort kvar gong vi har mistanke om ein ny mutant.

Når vi kjenner baserekkjefølgja og plasseringa av mutasjonane på dei ulike virus-variantane, vil vi kunne avdekkje kva virus ein positiv koronatest høyrer til. Testinga går òg mykje raskare, sidan det er nok å kartleggje berre ein del av (del-sekvensering).

Oppgåve

Relatert innhald

Utforsk smittekjeda

I denne aktiviteten skal du lære om smittespreiing og smittesporing. Føremålet er å forstå kor viktig førebyggjande smittevern er.

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist oppdatert 29.04.2026