Sosial og kjenslebunden utvikling - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosial og kjenslebunden utvikling

Den sosiale og kjenslemessige utviklinga heng nøye saman. Ei god sosial utvikling er avhengig av ei god kjenslemessig utvikling. Den kjenslemessige utviklinga blir også kalla emosjonell utvikling.

Den sosiale utviklinga handlar om å lære seg sosial åtferd, og å kunne omgåast andre menneske. Det vil også seie at vi må halde oss til dei normer og reglar som gjeld i samfunnet vårt.

Sosial utvikling

Heilt frå fødselen av er barnet eit sosialt vesen. Det søkjer kontakt og er avhengig av andre menneske rundt seg. Den vesle babyen kommuniserer til omverda med lydar og rørsler. Tilknytinga til andre, spesielt mor og far, skjer med kroppskontakt, smil, blikk, imitasjon og at barnet kjenner att personar og ting.

Det er heilt nødvendig for menneske å oppleve både fysisk og psykisk kontakt med andre. Derfor er det å gi nokon eit oppmuntrande ord, eit smil eller berre eit lite teikn på at eg er her og ser deg, positive gåver å gi til kvarandre.

I småbarnsalderen er den sosiale utviklinga til barna avhengig av tydelege, omsorgsfulle og trygge vaksne. Barn må oppleve å bli tekne på alvor og bli anerkjende og respekterte for dei dei er. På denne måten får dei tillit til seg sjølv og det dei meistrar, og blir godt rusta til å møte dei forventningane som møter dei seinare i livet.

Kjenslerelatert utvikling

Kjenslene våre utviklar seg. Måten vi opplever og taklar kjensler som sorg, sinne, glede og stoltheit på, endrar seg med alder og erfaring.

  • Nokre kjensler får kroppslege uttrykk, som at folk får vondt i magen når dei gruar seg til noko.
  • Menneske gir uttrykk for kjensler på ulike måtar. Enkelte slår når dei blir sinte, medan andre blir stille og trekkjer seg unna.
  • Enkelte har lett for å gråte og le.
  • Enkelte er flinke til å setje ord på og prate om kjensler.

Barn har gjerne sterkare kroppslege reaksjonar og har lettare for å gråte og le, men også som vaksne taklar vi kjenslene på ulike måtar.

Den kjenslerelaterte utviklinga handlar både om kva vi kjenner og korleis vi handterer dei kjenslene vi har. Nokre gonger kan vi trenge hjelp til å handtere kjenslene våre, men det er viktig å vedkjenne at vi opplever kjensler forskjellig og utrykkjer dei ulikt.

Sosial kompetanse

Våre sosiale evner blir utvikla i samspel med andre gjennom heile livet. Vi må lære oss å omgåast andre menneske på ein måte som er bra både for oss sjølve og dei andre. Vi må tore å vere oss sjølve - våge å seie kva vi meiner, samtidig som vi lèt andre kome til orde. I dette spenningsfeltet mellom å gi og ta utviklar delar av den sosiale kompetansen seg.

Empati er ein viktig del av den sosiale kompetansen vår. Det er ei grunnleggjande kjenslerelatert evne. Empati er evna til å setje seg inn i ein annan person sine kjensler og situasjon.

Sjølvbiletet og sjølvtillit

Måten vi ser oss sjølve på er eit resultat av kva opplevingar og erfaringar vi gjer oss, og kva for ein respons vi får frå omgivnadene. Sjølvbiletet vårt, måten vi oppfattar oss sjølve på, blir påverka av korleis vi tenkjer om oss sjølve, og korleis vi trur andre tenkjer om oss.

Sjølvtillit handlar om kor stor tru du har på at du kan prestere - anten på skulen, på arbeid eller i sosiale samanhengar. Sjølvtilliten til ein persons kan variere frå situasjon til situasjon, og kjensla av sjølvtillit er avhengig av stadfesting frå andre menneske.

Det å få stadfesting på at du gjer ein god jobb eller at du er verdifull for den du er gir eit godt sjølvbilete. Det er viktig å vere trygg på seg sjølv, og på at andre respekterer haldningane og verdiane dine. Når du er trygg på det, og har ei positiv sjølvkjensle toler du også utfordringar betre. Då er det heller ikkje så skummelt å skulle gi seg ut på noko ukjent og nytt.

Å ha eit positivt sjølvbilete og nok sjølvtillit til det som betyr noko i livet, - er veldig viktig for alle menneske. Som fagarbeider er det di oppgåve å sjå til at dei menneska du arbeider med får støtte til å godta seg sjølv og tru på at dei kan mestre.


Utfordringar til deg

  1. Kva er sosial utvikling?
  2. Kva er kjenslerelatert utvikling? Kva kan ho også kallast?
  3. Kva betyding har den sosiale og kjenslerelaterte utviklinga for mennesket?
  4. På kva måte kan du bidra til ei god sosial og kjenslerealatert utvikling for
    • barn?
    • ungdommer?
    • vaksne?
    • eldre?
  5. Les artikkelen: Mennesket - ein risikokonstruksjon i surr med seg sjølv? Korleis kan du hjelpe deg sjølv og andre til å få eit balansert sjølvbilete?
Skrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2022