Hopp til innhald
Fagartikkel

Smittekjeda

Smittekjeda er ei forklaring på korleis smitte spreier seg. Her får du lære korleis du kan bryte smittekjeda.

Overføring av smitte kan skje på mange måtar, men det må finnast eit smittestoff, ei smittekjelde, ein smitteveg og ein smittemottakar.

Saman med smitteutgangen hos smittekjelda og smitteinngangen hos smittemottakaren er dette smittekjeda.

Smittestoff

Smittestoffet er den direkte årsaka til at sjukdom oppstår som følgje av smitte. Det er ulike mikroorganismar som er smittestoff, og bakteriar og virus er dei mest vanlege smittestoffa. Sopp er òg ei vanleg årsak til infeksjonar.

Smittekjelde

Det er menneske som er den vanlegaste smittekjelda mellom menneske. Normalfloraen av mikroorganismar i kroppen vår fører ikkje til risiko for sjukdom der han finst normalt, men han kan føre til sjukdom andre stader i kroppen. Han kan derfor vere ei kjelde til smitte. Sjølv om vi er friske, kan vi vere berarar av sjukdomsframkallande mikroorganismar. Vi kan derfor overføre sjukdom til andre utan at vi er klare over det sjølv. Smittekjelder kan òg vere dyr og insekt, mat og drikke, eller materiale som har vore i kontakt med smittestoff.

Smitteutgang

For at smittestoffet skal bli overført frå eit menneske til eit anna, må det vere ein smitteutgang frå smittekjelda og ein smitteinngang hos smittemottakaren. Smitteutgangar er stader der kroppen skil ut væsker som puss frå betente auge sekret frå nase, svelg og lunger avføring, urin og sæd puss frå sår og byllar blod og vevsvæske

Smittemåte

Smittemåte er den vegen eller måten mikroorganismen vandrar frå smittekjelda til det kjem inn i smittemottakaren.

Direkte eller indirekte smitte

Direkte kontakt mellom smittekjelde og smittemottakar kan skje gjennom til dømes kyss, klem, handtrykk eller samleie.

Indirekte kontaktsmitte vil seie at smitten blir overført via eit mellomledd, til dømes hender. Eit døme er at du hjelper eit barn med å pusse nasen i barnehagen der du arbeider, og at du deretter tek eit anna barn i handa og følgjer det ut til leikeplassen. Då kan du overføre forkjølingsvirus til barnet via hendene dine.

For å førebyggje bør du mellom anna

  • vaske hendene ofte
  • ikkje kysse ein forkjøla person
  • bruke kondom ved samleie
  • ikkje drikke av same kopp eller flaske som andre
  • ha god hygiene når du lagar mat

Luft- og dropesmitte

Dropesmitte er vanlegast frå personar med luftvegsinfeksjonar. Når ein person hostar og nys, blir det slengt ut små dropar som svever rundt i rommet. Desse kan kome i kontakt med nase, munn og auge hos personar i nærleiken. For å bryte dette leddet i smittekjeda bør du

  • hoste eller nyse i armkroken eller i eit lommetørkle som kan kastast etter bruk
  • lufte godt i alle rom
  • vaske sengetøy på høg temperatur
  • vere nøye med vask i heimen
  • vaske arbeidstøy hyppig og på høg temperatur

Mat- og vassmitte

Smitten spreier seg gjennom mat og vatn. Smitten kan kome frå andre kjelder eller vere eit resultat av feil behandling av matvarer. Døme er dårleg steikt kylling og ureint vatn. For å førebyggje må du

  • ha god handhygiene
  • ha god hygiene når du lagar mat
  • vere nøye med oppbevaring av mat og drikke

Blod- og vevssmitte

Smitten kjem inn i kroppen gjennom sår eller sprøyter. For å unngå smitte bør du

  • bruke hanskar når du hjelper personar med sår, eller personar som blør
  • vere forsiktig når du finn brukte sprøytespissar

Mor–barn-smitte

Smitten blir overført frå mora gjennom blodet eller morsmjølka til barnet før eller etter fødsel. Det gjeld til dømes hiv, raude hundar og toksoplasmose.

Smitte frå tarm til munn

Når smittetoff blir overførte frå tarmen til munnen, gjerne via hendene, kallar vi det fekal-oral smitte. Det er for å unngå denne typen smitte at vi allereie som små barn lærer at vi skal vaske hendene våre etter toalettbesøk. Smittestoff frå tarmen kan òg bli overførte til matvarer om vi ikkje er nøye med handhygienen før vi lagar mat.

Smitteinngang

Smittestoffet må finne ein inngang for at overføringa av smittestoffet skal føre til sjukdom.

Dette kan vere naturlege kroppsopningar, som til dømes munnen, eller det kan vere gjennom sår og rifter.

Smittemottakar

Det siste leddet i smittekjeda er eit mottakeleg menneske. Immunforsvaret passar på at vi ikkje vert smitta av dei fleste av mikroorganismane vi vert utsette for, men kor godt immunforsvaret er, kan variere frå person til person. Små barn og eldre er blant anna utsette for smitte. Det same er du når du er trist og har kjærleikssorg, eller er stressa. For å førebyggje smitte bør du

  • styrkje immunforsvaret ved å leve sunt
  • vaksinerast
  • utføre god handhygiene
Video: Senter for nye medier / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Fagstoff
Mikroorganismar

Mikroorganismar er levande organismar som er så små at vi treng mikroskop for å sjå dei. Dei mikroorganismane vi oftast høyrer om, er bakteriane.

Skrive av Ingvild Skjetne, Marit Smith Sørhøy og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019