Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Prosedyrar for førstehjelp

Fagstoff
Video

Sikring og varsling

Som førstehjelpar ved ulykker er det viktig at du tenker på eigen sikkerheit før du set i gang førstehjelp. Det er òg viktig å varsle riktig for å sikre rask hjelp.

Film om sikring og varsling (1:19)

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Sikring

I nokre tilfelle må du gjennomføre sikringstiltak før du går inn i situasjonen, til dømes ved

  • trafikkulykker
  • ulykker med farleg gods
  • ulykker med fare for brann

Varseltrekanten skal bli plassert 150 meter unna skadestaden.

Varsle 113

Kontakt medisinsk nødtelefon 113 viss

  • det er fare for liv eller helse
  • det er behov for rask hjelp
  • du er usikker på kva du skal gjere og treng hjelp og råd

Når du ringer 113, vil du få råd og rettleiing om kva du bør gjere på skadestaden.

Oppgi tydeleg og nøyaktig:

  • Kven ringer?
  • Kva har skjedd?
  • Kor mange er skadde?
  • Er pasienten vaken?
  • Kvar er skadestaden?

Relatert innhald

Skrive av Ingvild Skjetne, Agnes Brønstad og Guri Bente Hårberg.
Sist oppdatert 07.11.2025