Respirasjonsprosessen - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Respirasjonsprosessen

Respirasjon betyr å puste. Respirasjonsorgana, som også blir kalla andedragsorgana, består av nasen og munnen, luftrøret og lungene. Gjennom respirasjonen tek kroppen opp oksygen mens han kvittar seg med karbondioksid.

Respirasjon

Når vi pustar inn, får blodet oksygen som det fraktar til cellene i kroppen. Cellene treng oksygen til forbrenninga. Når vi pustar ut, kvittar kroppen seg med karbondioksid som blir danna i cellene under stoffskiftet.

Respirasjonssystemet er styrt og regulert frå eit område i hjernen som vi kallar respirasjonssenteret. Når det blir mykje karbondioksid i blodet, blir det registrert i respirasjonssenteret. Senteret sørgjer då for at vi pustar raskare og djupare.

Lungene er det sentrale organet i respirasjonssystemet. Dei to lungene ligg i brystholet, på kvar si side av brystskiljeveggen. Lufta vi pustar inn går gjennom nasen, nasehola, svelget, strupen, luftrøret, luftrørsgreinene og til lungeblærene.

Nasen og naseholet

Her blir lufta vi pustar inn rensa, fukta og varma opp. Når vi pustar ut gjennom nasen, held slimhinnene igjen varme frå utandingslufta for at kroppen ikkje skal tape så mye varme. Brukar vi munnen til å puste inn og ut med, blir ikkje lufta like godt fukta, oppvarma og rensa.

Svelget og strupen

Lufta passerer vidare gjennom svelget som er ein del av både fordøyingskanalen og luftvegane. I strupen blir luftrør og spiserør skilte. Vi har eit lokk, strupelokket, som legg seg over luftrøret når vi svelgjer, slik at mat og drikke ikkje skal kome inn i luftrøret. I strupen finst også stemmebanda.

Luftrøret og luftrørsgreinene

Luftrøret er bygd opp av hesteskoforma bruskringar som forsterkar og held luftrøret ope. Innsida er kledd med slimhinneceller med flimmerhår som blant anna hjelper til med å transportere støv og partiklar opp til svelget slik at vi kan kvitte oss med det. Luftrøret deler seg i høgre og venstre hovudluftrørsgrein, hovudbronkien, som går inn i høgre og venstre lunge. Der blir luftrørsgreinene tynnare og mindre. Dei er som eit nett, eller eit tre med små greiner. Vi kallar dei for bronkiar.

Lungeblærene

Dei tynnaste bronkiane i lungene inneheld mange millionar små lungeblærer, alveolar. Desse er bygd opp av ei tynn hinne med kapillær som gjer at det blir god gassgjennomstrøyming. Når vi pustar inn, vil oksygen trengje gjennom alveolveggen og gå over i blodet i lungekapillæra der det bind seg til hemoglobinet i dei raude blodcellene. Karbondioksid går den andre vegen.

Frå lungane blir blodet pumpa vidare til cellene i kroppen som treng oksygen til forbrenninga. Under forbrenninga blir karbondioksid danna som vi kvittar oss med ved å puste ut. Denne prosessen er absolutt naudsynt for stoffskiftet og vi kallar han for gassutveksling.

Viss noko irriterer slimhinna i luftvegane, aukar produksjonen av slim og fangar det opp for å få det fjerna. Ofte hostar vi i tillegg. Når vi er fysisk aktive, har vi meir behov for oksygen til cellene, og vi pustar raskare.

Utfordringar til deg

  • Kor mange gonger pustar du i løpet av eit minutt?
  • Bruk klokke og tel kor mange gonger ein medelev pustar i løpet av eit minutt. Kva skjer med hastigheita på pustinga når nokon observerer og tel?
Skrive av Trine Merethe Paulsen, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020