Musklane

Musklane gjer også ein viktig jobb med å produsere varme. Skal kroppen fungere, må vi ha ein konstant kroppstemperatur. Når vi frys, byrjar difor musklane å skjelve for å produsere meir varme.
Skjelettmuskulatur
Musklar som høyrer til rørsleapparatet, kallar vi skjelettmuskulatur. Desse musklane er viljestyrte. Vi kan bestemme oss for å gjere ei rørsle.
Skjelettmusklane er festa til skjelettet med sener. Festepunkta kallar vi utspring og feste. Ein muskel har utspring på den eine sida av leddet og feste på den andre sida. Når vi ønsker å bevege ein muskel, går det signal frå hjernen, gjennom ryggmergen og nervane, til muskelen.

Glatt muskulatur
Glatt muskulatur finn vi i dei indre organa, til dømes i fordøyingsorgana, i urinblæra og i luftrørsgreinene. Glatt muskulatur er ikkje viljestyrt. Det vil seie at vi ikkje treng å tenke på at magesekken skal elte maten, eller at blodårane i huda skal trekke seg saman dersom vi frys. Glatt muskulatur blir styrt av det autonome nervesystemet, altså det vi ikkje kan styre med viljen. Hormon påverkar også glatt muskulatur.
Hjartemuskulatur

Hjartemuskulatur har vi berre i hjartet. Det spesielle med denne muskelen er at han kan lage og sende elektriske impulsar. Det gjer at hjartet kan slå utan å få signal frå nervesystemet. Signala oppstår i eit punkt som blir kalla sinusknuten. Dersom dette systemet av signal sviktar, kan ein operere inn ein pacemaker som gir signal til hjartet. Hjartet blir også påverka av det autonome nervesystemet og av hormon. Til dømes får stress hormonet adrenalin hjartet til å slå fortare, og det kan vi registrere ved at pulsen aukar.
Viljestyrt eller ikkje viljestyrt – kva er ein refleks?
Med viljestyrt muskulatur meiner vi dei musklane som vi kan bestemme oss for å bevege. Skjelettmuskulaturen er viljestyrt, og det vil seie at vi vanlegvis har kontroll over rørslene våre. Når vi går, smiler eller stryk nokon over kinnet, er det viljestyrte rørsler.
Den viljestyrte muskulaturen kan også jobbe utan at vi greier å styre han. Dersom du brenn deg på fingeren, trekker musklane handa unna varmekjelda utan at du rekk å vilje det. Dette blir kalla ein refleks. Krampar og spasmar er andre døme på at skjelettmuskulaturen "jobbar" på eiga hand. Somme sjukdommar og skadar uroar også den kontrollen nervesystemet har over musklane.
Utfordringar til deg
- Kva typar muskelvev har vi?
- Kvifor blir skjelettmuskulaturen kalla tverrstripa muskulatur?
- Korleis er musklane festa til skjelettet?
Bruk internett eller andre kjelder og finn svar på desse spørsmåla:
- Kor mange musklar er det i menneskekroppen?
- Kva muskel er den største i kroppen?
- Kor mange musklar bruker vi når vi smiler?
Kvar i cella går forbrenninga føre seg?
Kvar blir protein bygde opp?
- Kva må til for at kroppen skal bygge opp muskelmasse?