Mistanke om hjerneslag
Film om førstehjelp ved mistanke om hjerneslag (1:36)
Teikn på hjerneslag
Teikna vil vere dei same anten det er blodpropp eller hjernebløding.
- personen er skeiv i munn/ansikt
- nedsett kraft i ein av armane
- problem med å snakke
Førstehjelpstiltak og undersøking ved mistanke om hjerneslag
For å undersøke om personen kan ha fått eit hjerneslag, bruk hugseregelen
- PRATE
- Be personen å om å seie ei enkel setning samanhengande.
- SMILE
- Be personen om å prøve å smile, le eller vise tennene.
- LØFTE
- Be personen om å prøve å løfte opp begge armane.
Viss personen har problem med å utføre ei eller fleire av oppgåvene over, ring 113 – her tel kvart sekund. Her vil du få rettleiing og hjelp.
Overvak personen etter prinsippa for den første undersøkinga.
Det er viktig å vite at dei fleste som får hjerneslag, er personar over 75 år, men hugs at personar i alle aldrar, òg unge og barn, kan få hjerneslag. Dei aller fleste personane som har fått hjerneslag, vil ha problem med å utføre ei eller fleire av oppgåvene som er nemnde over.
Relatert innhald
Personar i alle aldrar kan bli ramma av hjerneslag, men dei fleste er eldre menneske. Rask behandling er ein avgjerande faktor ved hjerneslag.