Hygiene og matlaging med brukarar - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Hygiene og matlaging med brukarar

Når vi skal lage mat saman med brukarar av helse- og oppveksttenester, må vi tilpasse matlaginga til alderen og funksjonsnivået deira. Vi må òg passe på hygiene for å unngå at maten vi lagar, gjer nokon sjuke.

Kjøkken- og mathygiene

Når brukarar deltek i matlaging, får dei høve til å lære gode hygienevanar under matlaging.

  1. Kva er god kjøkkenhygiene?

  2. Kva er mathygiene?

  3. Kvifor er det viktig med god kjøkken- og mathygiene?

  4. Kva hygienetiltak må du tenke på dersom du skal lage mat utandørs saman med brukarar?

Lag ein plan for matlaging med brukarar

Når vi skal lage mat saman med andre, er det viktig med ein god plan. Å lage ein plan gir oss høve til å tenke gjennom korleis vi vil gjennomføre matlaginga og legge til rette for at alle, uansett føresetnader, kan vere med.

  1. Vel ein arbeidsstad innan helse- og oppveksttenesta der du ønsker å jobbe som lærling eller fagarbeidar. Du vel sjølve kva alder og funksjonsnivå brukarane har.

  2. Lag ein plan for korleis du vil ta vare på hygienen under matlaging saman med brukarane av denne tenesta. Du vel sjølv kva du vil lage, og om det er frukost, lunsj eller ettermiddagsmat.

  3. I planen må det komme fram korleis du vil ta vare på god hygiene både før de byrjar, undervegs i matlaginga og etter at de har ete (opprydding/oppvask).

  4. Måla for denne aktiviteten kan vere at brukarane skal få erfaring med god hygiene under matlaging og oppleve meistring og glede undervegs. Vidare skal planen innehalde:

    • kva du skal gjere

    • korleis du vil gjere det

    • kvifor du gjer det på denne måten

    • korleis du vil vurdere om du har nådd målet med aktiviteten

Lag ei hugseliste for brukarane

Vi må hjelpe brukarane til å forstå at god hygiene er viktig på kjøkkenet. Det å lage enkle reglar som vi alltid følger under matlaging, kan bidra til at vi skaper gode vaner hos brukarane, og at dei lærer korleis dei kan ta vare på hygiene.

Lag ein plakat med ei enkel hugseliste med bilete tilpassa brukargruppa du har valt. Lista skal vise kva det er viktig å hugse på når det gjeld å ta vare på hygiene under matlaging. Det er viktig at bileta beskriv kva brukarane skal gjere. Du kan teikne eller bruke bilete frå nettet eller aviser og blad. Plakaten skal ha ei overskrift, og du kan bruke korte setningar, med blokkbokstavar, for å beskrive bileta eller kva som skal gjerast.

Refleksjon

Reflekter saman i grupper og i klassen.

  1. Korleis kan du sjølv ta vare på hygiene når du er i praksis i yrkesfagleg fordjuping?

  2. Korleis kan vi lære andre om god hygiene, og kvifor er det viktig når vi lagar mat?

  3. Korleis kan du bidra til at brukarar får ei god oppleving under matlaging? Diskuter kva haldningar og veremåtar hos deg sjølv som kan bidra til dette.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2023