Hygiene og helse - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Hygiene og helse

God hygiene er bra for helsa og førebygger sjukdom. Som yrkesutøvar i helse- og oppvekstsektoren treng du kunnskap om og gode haldningar til hygiene, slik at du kan førebygge smitte og ta vare på både di eiga og andre si helse.

Ordet hygiene kjem frå gresk hygieia, som betyr "sunnhet" (Store norske leksikon, 2020). Samfunnshygiene dreier seg om dei tiltaka offentlege styresmakter har ansvaret for, og som er førebyggande helsetiltak for heile befolkninga.

Førebygging av smitte

Vi kjem dagleg i kontakt med mikroorganismar som kan gjere oss sjuke. For å hindre sjukdom må vi både hindre mikroorganismane i å spreie seg og bygge opp og halde ved like eit godt immunforsvar.

Som fagarbeidar vil du kome i nær kontakt med menneske i ulike situasjonar og livsfasar. Nokre av desse er allereie sjuke, eller dei er i ein situasjon der dei er spesielt utsette for smitte. Dei vil trenge di hjelp for å ta hand om den personlege hygienen sin.

Kunnskapen du har om hygiene, og haldningane du har til hygiene, kan derfor bety mykje for helsa og velværet til brukarane. Det vil samtidig gi eit tryggare opphald for brukarar, pasientane og betre arbeidsmiljø for dei tilsette.

Kompetanse i hygiene handlar om

  • kunnskap om mikroorganismar, immunforsvaret og smittekjeda
  • kunnskap om korleis smitte blir overført, om kva situasjonar vi er mest utsette for smitte i, og om konkrete tiltak du og andre kan setje inn for å avgrense moglegheitene for at smitte blir overført
  • forståing for kor viktig god hygiene er
  • ferdigheit i å inkludere hygienetiltak i det daglege arbeidet ditt

Utfordringar til deg

  1. Kva tyder ordet hygiene?
  2. Forklar omgrepa personleg hygiene og samfunnshygiene.
  3. Teksten over er knytt til kompetansemålet som seier at du skal beskrive krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøver, og reflektere over eigen praksis. Diskuter kva kunnskap om hygiene har med profesjonalitet å gjere.

Kjelde

Braut, G. S. (2020, 17. mars). Hygiene. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/hygiene

Skrive av Marit Smith Sørhøy og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020