Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Korleis ser skjelettet ut?

Korleis er skjelettet bygd opp, og korleis heng det saman? I denne oppgåva skal de utforske dei ulike typane knoklar og ledd, og kvar i kroppen dei er.

Bli kjende med skjelettet

Gå saman i grupper på tre eller fire elevar. Til denne oppgåva treng de gråpapir i storleiken 2 x 1 meter og pennar/tusjar i ulike fargar.

  1. Legg gråpapiret på golvet. Ein av gruppemedlemmene legg seg på arket, og deretter teiknar dei andre eit omriss av kroppen.

  2. Teikn knoklar og ledd inn i omrisset slik at det blir eit skjelett inni kroppen. Set namn på dei ulike knoklane og ledda.

  3. Lag faktaboksar om dei ulike knoklane og ledda på sida av figuren. Heng den ferdige plakaten opp i klasserommet.

Refleksjon i klassen

  1. Kvifor er det viktig å styrke skjelettet?

  2. Korleis kan de motivere brukarar av helse- og omsorgstenester til ein livsstil som styrker knoklar og ledd?

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 27.03.2026