Oppgave
Kva kan du om nyrer og urinvegar?
Refleksjon rundt desse oppgåvene vil gi deg betre forståing av korleis urinsystemet fungerer. Du vil òg få trening i å forstå korleis urinproduksjonen blir endra av ytre påverknad.
- Kva er hensikta med urinering?
- Korleis kan nyrene hindre at vi taper for mykje vatn?
- Kva skjer viss nyrene sviktar?
- Hypofysen skil ut antidiuretisk hormon (ADH). Kva ville skjedd viss utskiljinga av ADH hadde stoppa opp?
- Du har ete spekemat utan å drikke vatn, og det tek lang tid før du må gå på do. Forklar kva det er som skjer i nyrene.
- Nyrene skil ut minst 0,5 liter urin i døgnet sjølv om du ikkje drikk væske. Kvifor?
- Du kastar opp og har diaré, sveittar mykje og drikk lite. Forklar kva som då skjer i nyrene.
- Kvifor klarer ikkje små barn å kontrollere urineringa?
- Kvifor blir behovet for å gå på toalettet mykje større når ein drikk alkohol?
- Kvifor er urinen gulaktig?
- Ei av oppgåvene til nyrene er å skilje ut avfallsstoff. Kroppen skil ut avfallsstoff på andre måtar òg. Kva for nokre?
- Kvifor er det meir vanleg med blærekatarr hos jenter enn hos gutar?
- Kva informasjon kan ei urinprøve gi om tilstanden til kroppen?