Kva er emosjonell førstehjelp? - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kva er emosjonell førstehjelp?

Flight-fright-freeze-respons er ulike reaksjonar du kan møte ved stressande situasjonar som til dømes alvorleg ulykker eller sjukdom. Når du er kjend med desse ulike reaksjonane, er det enklare å handtere dei når du er midt i ein alvorleg situasjon.

Individuelle oppgåver

  1. Kva betyr emosjonell førstehjelp?
  2. Finn ut kva flight-fright-freeze-respons er når det gjeld emosjonell førstehjelp.
  3. Lag eit tankekart over ord/uttrykk som du meiner er sentrale ved emosjonell førstehjelp.
  4. Hent ut seks ord/uttrykk frå tankekartet, og forklar kva du legg i ordet/uttrykket.
  5. Forklar omgrepa:
    1. tillit
    2. empati
    3. sympati
    4. omsorg
    5. sorg
    6. anerkjenning
    7. bodskap
    8. etikk

Gruppeoppgåver

  1. Tenk på ulike situasjonar der ein kan oppleve ein flight-fright-freeze-respons, og diskuter korleis ein bør handtere situasjonen.
  2. Samanlikn tankekartane dykkar. Reflekter og diskuter saman rundt orda og uttrykka som er beskrivne. Kvifor er dette sentralt i emosjonell førstehjelp?

Relatert innhald

Fagstoff
Emosjonell førstehjelp

Ein akutt skade eller sjukdom kan utløyse sterke emosjonelle reaksjonar av både psykisk og fysisk art for dei som er involverte.

Skrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020