Oppbygginga og funksjonen til huda - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppbygginga og funksjonen til huda

Huda er bygd opp av tre lag: overhuda, lêrhuda og underhuda. I dei ulike laga finn vi forskjellige typar celler. Hud og naglar er utvikla ved spesialisering av overhudceller. Huda har viktige funksjonar både som sanseorgan og for å beskytte kroppen.

Overhuda

Overhuda er den ytste delen av huda og er bygd opp av ulike lag med celler. Inst i overhuda er cellene levande, og det blir heile tida produsert nye celler som blir dytta opp til overflata. Cellene døyr etter ca. ein månad. Dei levande cellene i overhuda produserer feittstoff som lagar ei nesten vasstett barriere.

I det levande laget til overhuda ligg det pigmentproduserande celler (melanocyttar). Dei produserer fargestoffet melanin, som gir den brune fargen etter soling og som vernar den underliggjande lêrhuda mot dei skadelege UV-strålane frå sola.

Det aller ytste laget (hornlaget) er bygd opp av døde celler og gjer huda ekstra motstandskraftig og vernar mot både kjemisk og mekanisk slitasje. Det er ikkje blodårer eller nervar i overhuda. Hudoverflata har låg pH.

Får huda omfattande skadar, for eksempel rifter eller brannsår, kan mikroorganismar lett trengje inn. I tillegg vil væske lett fordampe gjennom den øydelagde huda.

Lêrhuda

Lêrhuda er det mellomste hudlaget og er bygd opp av levande celler.

I lêrhuda er det blodårer, sveittekjertlar, hårrøter med musklar, talgkjertlar, nervar og sanseceller. Blodårene fraktar bort avfallsstoff og tilfører huda oksygen og næringsstoff. Blodet som sirkulerer i lêrhuda er også med på å regulere kroppstemperaturen. Sveittekjertlane produserer sveitte som blir skilt ut gjennom hudporer når vi blir varme, som for eksempel ved fysisk aktivitet. Talgkjertlane ligg rundt hårrøtene og produserer talg som gjer huda mjuk. Sansecellene registrerer berøring, trykk, kulde og varme, mens nervecellene registrerer smerte.

Underhuda

Underhuda er det inste laget i huda og er bygd opp først og fremst av feittceller. Dette fungerer som isolasjonslag og dempar slag og støyt mot huda. Feittceller er også energilager for kroppen.

Funksjonen til huda

  • verne kroppen vår, for eksempel mot slitasje, slag og støyt
  • verne kroppen mot infeksjonar
  • verne mot væsketap
  • skilje ut stoff
  • bidra til å regulere kroppstemperaturen
  • fungere som feittlager
  • verne kroppen mot stråling
  • verne mot skadelege stoff som kjemikaliar og gift
  • vere eit sanseorgan ved at ho registrerer kjensle, varme, kulde, smerte og trykk

Sanseorgan

Det finst ei rekkje sanseceller og nervefibrar i huda som kan registrere det som skjer med huda og sende beskjed til hjernen. Dette gir viktige informasjonar for å kunne forsvare kroppen mot skade. Dersom vi for eksempel brenner eller stikk oss på noko vil vi ved ei refleksrørsle trekkje armen tilbake.

Huda er også sentral i samspel med menneske - vi kan "kommunisere" med huda. Hudkontakt gir ofte ei positiv kjensle. Tenk på kva kjensler som blir framkalla av huda hos ein person du er tiltrekt av! Kjensler kan få huda til å skifte farge. Når vi blir flaue kan vi raudne i ansiktet og på halsen, mens når vi blir redde kan vi bli bleike.

Regulering av kroppsstemperatur

Når det blir varmt rundt oss eller vi er i fysisk aktivitet aukar blodsirkulasjonen i huda slik at vi kan gi frå oss varme via sveittekjertlane.

Når det er kaldt, må vi avgrense varmetapet. Blodårene trekkjer seg saman og reduserer blodtilførselen til huda slik at vi ikkje taper for mykje varme frå blodet gjennom huda. Likeins vil vi kle på oss dersom vi frys.

Aldringsprosessen

Alle vil oppleve at huda endrar seg gjennom livet og denne prosessen er ei naturleg utvikling.

  • Som nyfødde har vi ei glatt, mjuk og spenstig hud.
  • Opp gjennom barneåra kjem det føflekkar.
  • Dei aller første linjene i huda byrjar å kome i 20- åra. Huda blir slappare og mistar noko fylde og glød.
  • I 30-40-åra blir huda mindre spenstig og meir rynkete og blir vesentleg tynnare.
  • Hos enkelte kan det etter kvart kome blodåreforandringar og pigmentflekkar.

Relatert innhald

Fagstoff
Vi kommuniserer med huda

Huda er det største sanseorganet vi har. Når nokon tek på oss, får vi stadfesting på at vi eksisterer.

Skrive av Trine Merethe Paulsen, Wenche Heir, Agnes Brønstad og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020