Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Prosedyrar for førstehjelp

Fagstoff
Video

Hovudskade

Alle former for slag mot hovudet kan gi hovudskadar som hjerneristing, bløding på innsida av skallen eller brot i skallen. Det er òg fare for at personen får nakkeskade. Det kan vere vanskeleg å skilje alvorlege og mindre alvorlege skadar frå kvarandre. Be derfor om hjelp.

Film om førstehjelp ved hovudeskadar (1:11)

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Teikn på hovudskade

  • Bløding frå hovudbotnen eller skade som gjer at du ser inn i skallen.
  • Blodtilblanda eller gul væske som renn ut frå øyre eller nase.
  • Forvirring, irritabilitet eller medvitsløyse. Følg i så fall med på kor lenge personen er medvitslaus.
  • Personen hugsar ikkje kva som har skjedd.
  • Hovudverk og brekkingar/oppkast.
  • Krampar.
  • Ustødig gonge eller klarer ikkje å løfte fot eller arm som vanleg.

Førstehjelpstiltak ved hovudskade

  • Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.
  • Legg personen ned, prøv å heve hovudet og skuldrene noko.
  • Rør nakken minst mogleg, då denne òg kan vere skadd.
  • Følg med på at personen pustar.
  • Viss personen sluttar å puste, start hjarte- og lungeredning.
  • Viss personen blør, stans blødinga.
  • Følg med på om medvitet til personen blir endra.

Kjelder

Hodeskade, alvorlig. (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 15. desember 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/hode-og-rygg/hodeskade-alvorlig/

Inndeling av hodeskader og tiltak. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 15. desember 2019 frå https://www.lvh.no/skader/hode-_nakke-_og_ryggskader/hodeskader/inndeling_av_hodeskader_og_tiltak#inndeling_av_hodeskadar

Relatert innhald

Førstehjelp ved hodeskader

Ein hovudskade kan ha fatale konsekvensar for ein person. Det kan vere vanskeleg å vite alvorsgrada, så be om hjelp tidleg.


Skrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 07.11.2025