Hjartet - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Hjartet

Hjartet er ein muskel omtrent så stor som knyttneven din. Det starta å slå då du var eit tre veker gammalt foster, og kjem til å slå meir enn tre milliardar slag før det stoppar. Hjartet sørgjer for transport av livsnødvendige stoff, og det er den viktigaste muskelen i kroppen vår.

Oppbygging

Hjartet ligg i brysthola, godt beskytta av brystbeinet og ribbeina. Det er inndelt i fire kammer: to hjartekammer og to framkammer. Venstre hjartekammer pumpar blodet ut til cellene i kroppen, og har derfor vegg med kraftigare muskulatur enn høgre hjartekammer.

Mellom framkammera og hjartekammera og hjartekammera og utgåande blodårer er det klaffar som sørgjer for at blodet strøymer i riktig retning.

Hjartet er delt i to av ein kraftig langsgåande skiljevegg som hindrar at det oksygenfattige og oksygenrike blodet blir blanda.

Blodstraumen gjennom hjartet

Kvart minutt strøymer det ei blodmengd som svarer til det totale blodvolumet ditt (ca. 5 liter), gjennom hjartet.

Oksygenfattig blod blir ført inn i det høgre forkammeret i hjartet via holvenen. Samtidig strøymer oksygenrikt blod frå lungene inn i det venstre framkammeret i hjartet via lungevenane.

Framkammera trekkjer seg saman og pressar blodet over i hjartekammera.

Deretter trekkjer hjartekammera seg saman. Det oksygenfattige blodet i høgre hjartekammer blir pressa over i lungearterien og vidare ut til lungene, samtidig som det oksygenrike blodet i venstre hjartekammer blir pressa over i aorta og vidare ut til organa i kroppen.

Regulering av hjarteaktiviteten

Hjartemuskulaturen skil seg frå dei andre musklane ved at han trekkjer seg saman utan noka form for nervestimulering utanfrå. I det høgre framkammeret i hjartet ligg sinusknuten, ei samling av spesialiserte hjartemuskelceller. Desse sender ut elektriske impulsar som får hjartet til å slå med jamne mellomrom. Framkammera rekk å trekkje seg saman før signala blir sende vidare til hjartekammera.

Video om leidningssystemet til hjartet fra Norsk Helseinformatikk

Samantrekkinga av hjartet inntreffer automatisk cirka 100 gonger per minutt på grunn av eigenfrekvensen til sinusknuten.

I kvile minkar aktiviteten i den enkelte cella og dermed behovet for oksygen og glukose. Hjartet blir då påverka av det parasympatiske nervesystemet, og hjartefrekvensen blir lågare enn 100 slag per minutt.

Under stress og spenning blir sinusknuten påverka av det sympatiske nervesystemet og hormona adrenalin og noradrenalin slik at hjartefrekvensen aukar.

Fysisk aktivitet og stress fører til at hjartet pumpar meir blod for kvart minutt. Den totale mengda blod som blir pumpa kvart minutt, er kalla minuttvolumet.

Vi kan finne minuttvolumet ved å gonge talet på hjerteslag per minutt (hjartefrekvensen) med den mengda blod som blir pumpas ut ved kvart hjarteslag (slagvolumet).

Minuttvolum = hjartefrekvens • slagvolum

Relatert innhald

Skrive av Tone Pedersen Rangul og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020