Eriksons psykososiale stadium
Film om Eriksons utviklingsmodell (5:20)
Eriksons psykososiale stadium – mennesket sine åtte aldrar
Erik Homburger Erikson (1902–1994) vaks opp i Tyskland og flytta som vaksen til USA. Han var oppteken av utviklinga til barn og unge og då særleg problema til ungdommen. Som psykolog er han særleg kjend for teorien sin om personlegdomsutvikling, det vi kallar Eriksons psykososiale stadium. Ifølge Erikson utviklar personlegdommen seg i åtte fasar knytte til bestemde alderstrinn. Han kalla fasane mennesket sine åtte aldrar. Kvar fase inneheld krisar og moglegheiter. Erikson var spesielt oppteken av den kjenslemessige og sosiale utviklinga til barnet, og han la vekt på betydninga av det miljøet barnet veks opp i.
0–1,5 år: Grunnleggande tillit eller mistillit
Barn som opplever at vaksne dekker dei behova det har og gir det omsorg, vil utvikle ein grunnleggande tillit til andre menneske. Barn som veks opp med vaksenpersonar som ikkje klarer denne oppgåva, kan få vanskar med å stole på menneske òg seinare i livet. Det å ha dei same vaksenpersonane rundt seg over tid er òg viktig for å utvikle grunnleggande tillit. Erikson hevda at dette er den aller viktigaste fasen i livet til barnet.
1,5–3 år: Sjølvstende eller tvil
Barnet har no lært seg ei rekke nye ferdigheiter, men treng framleis hjelp til mange ting. Det er viktig at det får prøve ut viljen sin og får oppgåver som det meistrar. Når barnet meistrar oppgåver og får positive tilbakemeldingar, utviklar det tryggleik knytt til eigen vilje og evnar. Eit barn som opplever det motsette, kan bli mindre sjølvstendig. Det same kan skje viss barnet stadig får utfordringar det ikkje har føresetnader til å meistre, eller viss det får mykje kritikk. Barnet kan bli usikkert og tvile på si eiga evne til å meistre oppgåver. Denne tvilen kan følge barnet inn i vaksenlivet.

3–6 år: Initiativ eller skyldkjensle
I denne perioden er barnet vitebegjærleg og vil gjerne prøve nye oppgåver. Barnet blir stadig meir klar over seg sjølv som eit eige individ. Dersom barnet skal få tru på seg sjølv og seinare vise initiativ, er det viktig at det får lov å prøve ut ulike sider ved seg sjølv. Dette skjer gjerne gjennom leik og aktivitet. Sjølv om barnet treng foreldre som set grenser for det, er det viktig at det ikkje blir for mange grenser. Når barnet meistrar nye aktivitetar, blir sjølvtilliten til barnet styrkt. Ved hjelp av grensesetjinga til dei vaksne lærer barnet kva som er rett og gale. Skyldkjensle blir utvikla i denne perioden, og barnet får skyldkjensle dersom det har gjort noko gale. Dersom barnet stadig blir irettesett og får vite at det han eller ho gjer, er gale, kan barnet utvikle skyldkjensle og bli passivt. Utvikling av kjønnsidentitet er ein viktig del av denne fasen. Kjønnsidentitet blir knytt til forståing av seg sjølv som jente eller gut.
6–12 år: Arbeidsevne eller mindreverd
Venner blir no viktigare for barnet, og det begynner på skulen. Barnet vil i stadig større grad bli kritisk til eigne evner og prestasjonar, og det vil samanlikne seg med andre barn. Barnet treng anerkjenning og positive tilbakemeldingar for å få tru på eigne prestasjonar. Det er viktig at barnet får oppgåver det har føresetnader for å meistre. Korleis omgivnadene reagerer på det barnet gjer, er avgjerande for om det opplever seg sjølv som dyktig og kompetent, eller om det får ei kjensle av å ikkje strekke til. Oppleving av å ikkje strekke til kan føre til at barnet kjenner mindreverd. Det er viktig å styrke dei sterke sidene til barnet slik at det kan utvikle arbeidsevne og tru på seg sjølv.
Ungdomstid: Identitet eller rolleforvirring
Dette er ein fase med store endringar og utfordringar for individet. Den unge må finne ut kven hen er, og kva hen står for, for å kunne akseptere seg sjølv og få det godt. Både omgivnadene og den unge sjølv forventar at hen skal lausrive seg frå foreldra og ta stadig større ansvar for sitt eige liv. Det er viktig at oppgåvene og ansvaret aukar i takt med at ungdommen modnast og utviklar seg. Saman med positive tilbakemeldingar og ros frå omgivnadene gir det grunnlaget for ei positiv identitetsutvikling. Viss omgivnadene stiller krav og har forventningar som stemmer dårleg med utviklingsnivået og det biletet den unge har av seg sjølv, kan det føre til rolleforvirring og identitetsproblem.

Unge vaksne: Intimitet eller isolasjon
Dette er den første fasen som vaksen. Korleis ein møter utfordringar i denne fasen, har samanheng med korleis ein har hatt det tidlegare i livet. Har ein ein tryggleik knytt til eigen person og menneske rundt seg, vil ein i denne fasen kunne gi og ta imot nærleik og kjærleik. Dette er avgjerande eigenskapar både for nære vennskap og kjærleiksforhold. Dersom ein har ei frykt for nærleik eller opplever det truande å sleppe andre menneske innpå seg, kan ein ende opp med å isolere seg. For ein del menneske kan isolasjon føre til psykiske problem.
Vaksne: Utvikling eller stagnasjon
Vaksne menneske har behov for å føle at dei er til nytte, til dømes ved å gi omsorg til menneske ein har eit nært forhold til, eller ved å ha ein meiningsfull jobb. Det å skape noko for neste generasjon, å setje spor etter seg, er òg meiningsfullt for mange. Når mennesket kjenner at det er til nytte på eit eller fleire område, opplever det å vere i utvikling. Det motsette er ei kjensle av å stagnere eller stoppe opp. Nokon opplever det når barna flytter ut, viss dei mister jobben eller ikkje lenger er i stand til å delta i fritidsaktivitetar.

Alderdom: Integritet eller fortviling
Integritet betyr heilskap. Erikson meinte at gamle menneske tenker gjennom livet – korleis det har vore, og kvifor det vart som det vart. Integritet er å sjå livet i ein større samanheng og akseptere at det vart slik. Den gamle føler at det hen har gjort, har ei meining og aksepterer dei vala hen har teke. Hen kan då oppleve ein god og roleg alderdom og godta at livet nærmar seg slutten. Det motsett er å oppleve ei fortviling over at livet har gått frå ein, at ein har teke feil val og ikkje er fornøgd med livet slik det vart.
Relatert innhald
Modning er ein indre prosess som skjer i mennesket. Modning heng saman med læring, og modning og læring påverkar kvarandre.
I denne e-førelesinga kan du lære om Erik Eriksons modell for psykososial utvikling frå fødsel til død.