Oppgave
Blodcellene
Blodet består av blodplasma og ulike blodceller som har spesifikke oppgåver i kroppen. Oksygenrikt blod blir frakta gjennom arteriar ut til cellene i kroppen, og oksygenfattig blod blir transportert tilbake til hjartet gjennom venene.
Sjå filmklippet frå NRK om blodet, og gjer dei følgjande oppgåvene.
- Lag ein plakat med teikningar eller bilete av dei ulike blodcellene.
Kva er oppgåvene til
- raude blodceller (erytrocyttar)?
- kvite blodceller (leukocyttar)?
- blodplater (trombocyttar)?
- Kva består blodplasma av?
- Kvifor er blodet raudt?
- Kva matvarer kan du ete for å få tilstrekkeleg jerninnhald i blodet?
Kva heiter blodårene som fraktar
oksygenrikt blod ut i kroppen?
oksygenfattig blod tilbake til hjartet?