Oppgåve
Video
Antibiotikaresistens
Antibiotikaresistens vil seie at bakteriar blir motstandsdyktige mot antibiotika. I denne oppgåva kan du lære om kvifor resistente bakteriar er ei av dei største utfordringane innan moderne medisin. Sjå filmen om antibiotikaresistens (lengde 3:14), og svar på spørsmåla under.
Utfordringar til deg
- Kva vil det seie at bakteriar er resistente mot antibiotika?
- Kva konsekvensar kan det få at bakteriar blir resistente mot antibiotika?
- Kva kan vi gjere for å førebyggje antibiotikaresistens?
- Kva er MRSA? Finn svaret i artikkelen frå Folkehelseinstituttet om MRSA.