Hopp til innhald
Film og filmklipp

Aktivitet og helse

Forsking viser at fysisk aktivitet er like viktig for hjernen vår som for kroppen. I denne filmen fortel lege og hjerneforskar Ole Petter Hjelle om korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen, og om korleis pasientane har fått betre helse og livskvalitet av å trene regelmessig.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Dei fleste av oss veit at fysisk aktivitet er bra for helsa vår, og vi føler oss betre både fysisk og psykisk når vi har vore aktive. Trening er bra for kroppen, men har også positiv effekt når det gjeld læring, hukommelse og intelligens. I tillegg reduserer fysisk aktivitet risikoen for hjernesjukdommar og psykiske plager, og det hjelper deg med å handtere stress (Hjelle, 2018, s. 6–8).

Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene skal du jobbe helsefremjande, og du skal planleggje og gjennomføre aktivitetar som bidreg til god helse og meistring for brukarane. Det er derfor viktig at du har kunnskap om korleis aktivitet påverkar helsa, og korleis du kan leggje til rette for aktivitet for ulike brukargrupper med ulikt funksjonsnivå.

Oppgåver

Sjå filmen og svar på spørsmåla.

  1. Kva for gevinstar utover betring i fysisk form opplever pasientane som deltek i treningsgruppa?
  2. Kva motiverer deg til å vere fysisk aktiv?
  3. Korleis kan du motivere brukarar av helse- og oppveksttenester til fysisk aktivitet?
  4. Lag eit oversyn over aktivitetane dine den siste veka. Gå inn på lenkja til Helsedirektoratet under, og sjå korleis aktivitetsnivået ditt stemmer med tilrådingane.
  5. Vel eitt av desse yrka innan helse- og oppvekstfag, og planlegg ein fysisk aktivitet tilpassa brukarar du kan møte i dette yrket. Gjennomfør aktiviteten med resten av klassen.
    1. Aktivitør
    2. Barne- og ungdomsarbeidar
    3. Helsefagarbeidar

Kjelde:

Hjelle, O. P. (2018). Sterk hjerne med aktiv kropp. Oslo: Kagge forlag.

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2020