Utforsk kols - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk kols

I denne oppgåvesamlinga får du høve til å svare på spørsmål om kols, øve på å rettleie andre i ulike puste- og hosteteknikkar og kjenne på korleis det er å puste gjennom eit sugerøyr. Du skal òg lage brosjyre og eit treningsopplegg for ein person med kols.
Video: Marit Smith Sørhøy, Milestep, Trine Merethe Paulsen / CC BY-SA 4.0

Sjukdom i luftvegane

  1. Kva er hovudoppgåva til lungene?

  2. Kva endringar skjer i lungene ved kols? Teikn og forklar.

  3. Kols kan føre til respirasjonssvikt og kronisk respirasjonssvikt.

    • Forklar omgrepa respirasjonssvikt og kronisk respirasjonssvikt.

    • Kva behandling kan personar med respirasjonssvikt få?

  4. Kva står forkortinga kols for?

  5. Kva betyr obstruktiv?

  6. Kvifor får nokon menneske kols?

  7. Kva er symptoma på kols?

    • Kva er symptoma på kolsforverring?

  8. Kols kan auke risikoen for andre sjukdommar, kva for nokre?

  9. Kven kan få oksygenbehandling heime?

  10. Kvifor blir det tilrådd at personar med kols tek influensavaksine, vaksine mot lungebetennelse og vaksine mot covid-19?

  11. Kva hjelpemiddel finst for slimmobilisering?

Puste- og hosteteknikkar

Øv på å rettleie andre i ulike puste- og hosteteknikkar. Tenk over korleis du kommuniserer, slik at du motivere til sjølvhjelp.

Last ned appen Pust deg bedre eller søk på internett etter puste- og hosteteknikkar ved kols.

Gå saman to og to, og forklar og motiver den andre til å gjennomføre

  • kvilepust

  • leppepust

  • djupt innpust

  • lange støyt og korte støyt

  • hoste for å fjerne slim

Å leve med kols

Å leve med kols kan opplevast som å puste gjennom eit sugerøyr. Prøv å pust gjennom eit sugerøyr i ulike situasjonar og opplev korleis det kjennes ut.

Pust gjennom sugerøyr når du

  • sit roleg

  • går i roleg tempo

  • går i raskt tempo

  • går opp ei trapp

  • joggar ein runde rundt skulen

Beskriv opplevinga di. Korleis trur du det er for ein person med kols å gjennomføre daglege aktivitetar?

Å vere pårørande til kolspasientar kan vere slitsamt, då mange kolspasientar får akutte pusteproblem og angst. Korleis vil du hjelpe og støtte ein pårørande til ein person med kols?

Trening er medisin

For personar som har kols, er det òg ein fordel å vere fysisk aktive. Det er betre med litt trening enn ingenting! Samarbeid gjerne med kroppsøving om denne oppgåva.

  1. Lag ein informasjonsbrosjyre med overskrifta "Kols og trening". Brosjyren skal innehalde

    • informasjon om fordelane ved å trene når du har kols

    • enkle treningstips for uthaldstrening, styrketrening og rørsletrening for personar med kols

  2. Lag eit treningsopplegg for ein person med kols. Treningsopplegget skal innehalde øvingar i uthaldstrening, styrketrening og rørsletrening. Bruk gjerne øvingar som kan gjennomførast i kvardagen utan treningsapparat.

  3. Gjennomfør treningsopplegget og lag ein instruksjonsfilm. Vis gjerne filmen for klassen. Klassen gir tilbakemeldingar med to ting som var bra, og ein ting som kan forbetrast.

Relatert innhald

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022