Ulike kreftformer - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ulike kreftformer

Dei fleste formene for kreft er mest vanleg blant eldre menneske, og jo eldre vi blir, jo større er risikoen for å få kreft. I denne oppgåva kan de utforske både kreftstatistikk og ulike typar kreft.

Del 1. Statistikk

Gå inn på Kreftregisteret sine temasider om kreft og gjer dykk kjende med siste års kreftstatistikk for Noreg.

  1. Kor mange nye krefttilfelle var det?

  2. Korleis var fordelinga mellom kjønna?

  3. Kva var talet på dødsfall av kreft siste år?

  4. Dei vanlegaste kreftformene:

    1. Kva kreftform var vanlegast for menn?

    2. Kva kreftform var vanlegast for kvinner?

    3. Kva kreftform var vanlegast samla sett?

  5. Kva kreftformer hadde høgast dødelegheit, og kor mange dødsfall var det?

  6. Kva kreftformer hadde høgast tal på overlevarar, og kor mange overlevde?

Del 2. Ulike former for kreft

Vel dykk ei av kreftformene som ikkje er blant dei vanlegaste, og lag ein digital presentasjon som de viser i klassen. I presentasjonen skal de fortelje om

  • sjukdomslære og symptom

  • førekomst

  • aldersgrupper som oftast blir ramma

  • årsaker, risikofaktorar og komplikasjonar

  • undersøking og diagnose

  • behandling og prognose

  • sjukepleietiltak

  • seinkomplikasjonar etter kreftsjukdommen og kreftbehandlinga

Del 3. Diskusjon og refleksjon

Bruk nokre minutt til individuell refleksjon. Kvar enkelt noterer stikkord før de diskuterer kvar av problemstillingane i grupper og deretter i klassen.

  1. For mange kreftformer, og andre livsstilssjukdommar, er kosthald og livsstil blant risikofaktorane som vi har moglegheit til å påverke. Kva er årsaka til at mange likevel har eit usunt kosthald, trenar for lite og blir stadig meir overvektige?

  2. Sidan røykelova og forskrifta om merking av tobakksvarer vart innført i 2004, har det vore ein stor nedgang i talet på personar som røyker dagleg, frå 30 prosent i 2001 til 8 prosent i 2021. Både helsestyresmaktene og Kreftforeningen ønsker no helseåtvaringar på etikettar og emballasje for alkohol. Korleis trur de dette vil påverke ungdommars haldningar og alkoholvanar?

Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (2022, 18. januar). Røyk, alkohol og andre rusmidler. https://www.ssb.no/helse/helseforhold-og-levevaner/statistikk/royk-alkohol-og-andre-rusmidler

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 02.08.2022