Tannpuss - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tannpuss

Eit godt munnstell morgon og kveld førebyggjer sjukdom og dårleg lukt frå munnen, og det betyr mykje for allmenntilstanden. God munnhelse er viktig for ernæring, velvære og sosialt samvær. Alle menneske har behov for, og rett til, dagleg munnstell.

Oppgåver

  1. Lag ei oversikt over kva utstyr du treng til tannpuss.

  2. Korleis vil du vareta brukarmedverknad når du hjelper ein brukar med å pusse tennene?

  3. Kva observasjonar gjer du av tenner og munnhòle?

  4. Kvifor er det viktig med god tann- og munnhygiene hos eldre menneske?

  5. Sjå video i fagartikkelen om Munn- og tannpleie (ndla.no), og skriv ei liste over kva du må tenkje på når du skal pusse dine eigne eller andre sine tenner.

  6. Gå saman to og to og puss tennene til kvarandre. Skriv ned kva du syntest var vanskeleg, og kva du syntest gjekk bra. Kva lærte du av dette?

  7. Korleis kan de motivere og rettleie ein pasient til munn- og tannpleie?

  8. Finn ut kva rutinar som gjeld for reingjering av tannprotesar, og skriv dei ned.

  9. Kompetansesenteret Tannhelse Midt har utarbeidd munnstellkort (ekstern PDF). Gjer deg kjend med desse korta. Lag eit munnstellkort som gjeld for deg.

Relatert innhald

Fagstoff
Personleg hygiene

Pasientar og brukarar har behov for ulik grad av tilrettelegging og hjelp for å utføre personleg hygiene.

Skrive av Marit Smith Sørhøy, Lillian Brønseth og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2021