Sjukepleie ved hjerneslag - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjukepleie ved hjerneslag

Omtrent ein tredel av dei som blir ramma av hjerneslag, vinn tilbake full eller tilnærma full funksjon innan eit år, og ein tredel døyr. Den siste tredelen får varige funksjonsnedsetjingar som påverkar aktivitetane i dagleglivet og kan medføre behov for helse- og omsorgstenester.

Sjukepleia til pasientar med hjerneslag avheng av kva utfall personen har, og graden av utfall. Til dømes vil ein pasient som er høgrehendt og får hemiparese (halvsidig lamming) på høgre side, få større utfordringar i kvardagen enn om lamminga hadde ramma venstre side av kroppen.

Tverrfagleg og koordinert rehabilitering

Tidleg mobilisering og tverrfagleg rehabilitering er avgjerande for å oppnå gode behandlingsresultat etter hjerneslag. Når ein skade i hjernen er oppstått, kan andre hjerneceller gradvis overta funksjonane til dei døde hjernecellene. For å sikre god rehabilitering må det vere eit koordinert opplegg der eit tverrfagleg team deltek saman med pasient og pårørande. Ein individuell plan kan brukast for å koordinere dei ulike tenestene og samtidig vareta brukarmedverknaden.

Rehabiliteringa må innebere trening i aktivitetane i dagleglivet (ADL-trening) slik at pasienten vinn tilbake mest mogleg funksjon og meistrar sin eigen kvardag. Ros og oppmuntring er viktige element som aukar motivasjonen i ein rehabiliteringsprosess. Pleiepersonalet må vere einige med pasienten om kva oppgåver det skal trenast på. Det er viktig å gå varsamt fram, slik at pasienten ikkje blir utsliten eller får oppgåver vedkommande ikkje klarer, for elles kan det forsterke ei kjensle av hjelpeløyse og avmakt. Det viktig å bruke god tid, sidan stress kan auke eventuell spastisitet (muskelspenningar). Motivasjon og pågangsmot kan òg bli redusert av stress, og meistringskjensla vil då minke.

Sjukepleie ved aktivitet og kvile

Slagramma er utsette for å få komplikasjonar ved immobilitet fordi dei får problem med å vere i aktivitet. I sjukepleia er det derfor viktig å setje inn tiltak for å førebygge slike komplikasjonar. Mobilisering ut av senga innan 24–48 timar etter hjerneslaget kan gi gode behandlingsresultat, og i starten blir det tilrådd hyppig mobilisering med kort varigheit.

I den akutte fasen av hjerneslaget er fysioterapeuten sterkt involvert i treninga av pasienten. Det blir utarbeidd eit individuelt treningsprogram som skal følgast opp av alt pleiepersonell og eventuelt pasient og pårørande. Opptreninga går ut på at pasienten skal lære seg tapte rørsler og funksjonar på nytt. Dei aktivitetane pasienten har bruk for i dagleglivet, er sentrale i treningsopplegget.

Instruksjonane i treningsopplegget skal gjentakast i samband med daglege aktivitetar som stell og måltid. Det er viktig at alle dei involverte gir dei same instruksjonane, slik at pasienten ikkje får for mange forklaringar og for mange oppgåver å ta omsyn til, elles kan det føre til uvisse og forvirring. Ved å repetere dei same øvingane kan pasienten etter kvart øve inn eit automatisk rørslemønster.

Personleg hygiene

Ein person som er ramma av hjerneslag, kan oppleve mange problem knytte til personleg hygiene. Symptom som lammingar, redusert synsfelt, neglekt (redusert merksemd mot den sida av kroppen som har lammingar), konsentrasjonsvanskar og afasi (språkforstyrringar) gir utfordringar med å stelle seg. I dei første dagane etter hjerneslaget er pasienten i tillegg gjerne trøytt, har problem med å forstå kva som skjer rundt seg, og har vanskar med å hugse informasjon.

Dersom pasienten har omfattande lammingar, kan det vere formålstenleg å gjennomføre stell i seng, men om mogleg bør personen stelle seg på badet. Under stell må ein eventuell lam arm støttast slik at han ikkje fell ned, elles kan det oppstå skadar i skuldra. Guiding (handleiing) kan vere nødvendig for å hjelpe pasientane i stellet. Utgangspunktet for rørslene er pasienten sitt eige rørslemønster. Rørslene stimulerer nervesystemet. Når dei same rørslene blir gjorde mange nok gonger, kan andre delar av den skadde hjernen klare å stimulere til nettopp denne rørsla. Då vil personen etter kvart klare å utføre rørsla utan hjelp.

Ein ergoterapeut kan hjelpe til med å finne fram til eigna hjelpemiddel. For å kunne vere mest mogleg sjølvhjelpt i stell er det viktig at alt pasienten treng, er innan rekkevidde. Då gjeld det å planlegge stellet godt og til dømes legge alt pasienten treng, på eit lite trillebord som står på den sida som er lamma. Kleda til ein pasient med hjerneslag bør vere enkle å ta på og av. Bukser eller skjørt med strikk i livet er enklare enn klede med knappar og glidelås. Skjorter og genserar bør vere vide og elastiske med romsleg halsopning. Skoa må vere stødige og sklisikre.

Ernæring

Enkelte hjerneslagpasientar har problem med å svelge og nedsett hosterefleks. Dersom vi ikkje tek omsyn til desse problema, kan pasienten få mat ned i luftvegane og i verste fall bli kvelt. Svelgeproblem kan føre til at pasientar går ned i vekt og opplever angst eller panikk i måltidssituasjonar. Unngå unødvendige forstyrringar og samtalar i matsituasjonen slik at pasienten kan konsentrere seg fullt og heilt om måltidet. Pasientar med svelgevanskar skal alltid ha tilsyn under måltid, og for nokon kan formkost (mosa mat) gjere det enklare å få dekt energibehovet sitt.

Når pasientar med svelgeproblem skal drikke og ete, må dei sitje godt oppreist i senga eller ein stol med hovudet lett framoverbøygd. Det kan vere lettare å svelge dersom pasienten bøyer hovudet lett over mot den friske sida. Mat og drikke kan lett renne ut igjen og nedover haka, og mange synest dette er pinleg. Fortjukkingsmiddel kan brukast for å hindre at tynne væsker renn for fort ned i svelget.

Under måltid må vi òg ta omsyn dersom pasienten har redusert synsfelt. Pasienten kan til dømes miste synet i venstre del av begge auga på grunn av ein synsskade. Det fører til at pasienten ikkje kan sjå det som er til venstre for midtlinja. For personar som har problem med lammingar og nedsett kraft, finst det hjelpemiddel til måltida. Etter måltidet er det viktig at personar med svelgevanskar sit oppreist i minst 20 minutt, og at det blir gjennomført god munnhygiene.

Eliminasjon

Slagrammede kan miste kontroll over urin og avføring. Dei første døgna etter hjerneslaget har pasienten ofte slapp blære og tarm med fullstendig inkontinens. For å trene opp og få kontroll over eliminasjonen bør pasienten ha faste toalettrutinar og gradvis auke intervalla mellom blære- og tarmtømming.

Pasienten kan ha urinretensjon i den akutte fasen av hjerneslaget. Tømming kan då skje med intermitterande kateterisering til blærefunksjonen er normalisert. Det er ikkje tilrådd å legge inn permanent kateter, fordi dette aukar risikoen for urinvegsinfeksjonar. Det gjer det òg vanskelegare å trene opp igjen normal eliminasjon.

Obstipasjon er vanleg hos pasientar som har hatt hjerneslag på grunn av nedsett aktivitetsnivå og nedsett tarmmotorikk. Det er derfor viktig at du som helsefagarbeidar observerer og set i verk tiltak som førebygger obstipasjon.

Smerter

Mange hjerneslagpasientar gir uttrykk for smerter i skuldra på den sida av kroppen som har fått lammingar. Smertene kjem av at skulderleddet er utsett for skadar fordi musklane ikkje lenger fungerer som støtte for skulderleddet. Det er derfor viktig at du aldri løftar pasienten i den armen fordi det kan føre til at skulderleddet kjem ut av stilling. Enkelte utviklar komplekst regionalt smertesyndrom etter hjerneslag. Heile den sjuke sida blir då smertefull, og smerta kan vere intens. Ei slik smerte vere vanskeleg å behandle, og ho vil òg påverke rehabiliteringsprosessen.

Kommunikasjon

Når vi vender oss til ein pasient med lammingar etter hjerneslag, må vi alltid gjere det frå den sida som har nedsett funksjon. Det er viktig for å førebygge neglekt fordi det gjer pasienten merksam på den lamme sida av kroppen. Det stimulerer òg pasientar med redusert synsfelt til å snu hovudet for få med heile synsfeltet.

Personar som blir ramma av hjerneslag på venstre side av hjernen, får ofte afasi fordi språksenteret, som ligg i venstre hjernehalvdel, blir skadd. I tillegg til å ha problem med å formulere seg munnleg, kan nokre afasi-ramma få vanskar med å lese og skrive og å forstå eller tolke kva andre menneske seier. Ein logoped kan utarbeide eit språktreningsprogram for pasientar med afasi. Logopeden rettleier pasienten, pårørande og helsepersonalet om korleis språkopplæringa kan gå føre seg. Ergoterapeut og logoped kan òg finne formålstenlege hjelpemiddel for ein som er ramma av afasi.

Psykiske behov

Hjerneslag blir ofte følgt av kjenslemessige forandringar, og mange pasientar har ein sorgreaksjon. Mange hjerneslagpasientar vil på grunn av hjerneskaden bli kjenslelabile og le og gråte lett. Emosjonell inkontinens (gråt eller latter utan samsvar med sinnstilstanden til pasienten) kan oppstå, og det kan i alvorlege tilfelle bli eit sosialt problem. Både pasientar og pårørande kan synast at det er vanskeleg å ta omsyn til kjenslemessige og mentale forandringar. Det er derfor viktig at dei får informasjon om at dette er vanleg etter eit hjerneslag.

Dei fleste opplever at rehabiliteringa er hardt arbeid. Dei må arbeide med å halde oppe ferdigheiter samtidig som dei må jobbe for å vinne tilbake dei tapte funksjonane. Det er vanleg at dei til tider kjenner seg slitne og nedstemde fordi gjeremål som før var enkle å utføre, og som dei tok som sjølvsagte, no har vorte så vanskelege.

Forsking viser at mange slit med tunge tankar, angst og redsel ei tid etter hjerneslaget. Mange engstar seg for framtida, og det er vanleg å vere redd for einsemd og nye hjerneslag. Som helsefagarbeidar har du kompetanse i å hjelpe pasientar i krise og til å informere pasientar om førebygging av livsstilssjukdommar som hjerneslag. Dersom pasientane får god informasjon, kan angst og depresjonar blir førebygde.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at ein pasient med hjerneslag kjem raskt i gang med rehabilitering? Grunngi svaret.
  2. Forklar kva ADL tyder, og gi døme på dette.
  3. Ein pasient med hjerneslag er spesielt utsett for trykksår. Kvifor det?

Kjelde

Helsedirektoratet. (2020, 27. april). Hjerneslag. Nasjonal faglig retningslinje. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/hjerneslag

Relatert innhald

Skrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2022